Hopp til innhold

Mobilisering for klima i Lima

LIMA (NRK): – Vi håpar dei høyrer oss! Vi vil krev handling! Bodskapen var klar då 15.000 menneske deltok det som var den største klimamarsjen i Latin-Amerika nokon gong. Folkets klimamarsj i sentrum av Lima samla menneske frå store delar av regionen.

Mobilisering for klima i Lima
Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Store kontrastar i Lima: Ein talarstol med den eine politikaren etter den andre i aksjon. På FNs klimakonferanse skal 196 land leggje fram kva dei vil gjere for klimaet. I sentrum av Lima: Folkets klimamarsj - 15.000 menneske som stiller krav, som ber om meir enn ord.

Studentar, urfolk, miljøvernarar, fagforeiningsfolk - spennvidda er stor. Men her har

Judyth Rivero Burgos

Judyth Rivero Burgos har komme hit til Lima frå Bolivia for å delta i Folkets klimamarsj. Ho er leiar for ei gruppe som arbeider for urfolk sine rettar.

Foto: Eivind Molde / NRK

dei samla seg - på Plaza San Martin. Politiet har rusta seg til kamp, men det heile går roleg for seg.

– Manglar drikkevatn

Alheli Malaga er student frå Lima. Ho er uroa over kva konsekvensar klimaendringane kan få her i området.

– No ser vi også følgjene for oss her i Lima. Vi er i eit ørkenområde og i Lima er det mange som ikkje har vatn no. Isbreane oppe i Andesfjella, som er den viktigaste drikkevasskjelda, blir mindre og mindre, og situasjonen er alvorleg, seier ho.

Største klimamarsj

Folkets klimamarsj i Lima er inspirert av den store marsjen i New York under klimatoppmøtet som FNs generalsekretær, Ban Ki-moon heldt i september. Då gjekk 400.000 menneske gjennom gatene.

Med 15.000 menneske i sentrum av Lima, er dette den største klimamarsjen i Latin-Amerika nokon gong. Bodskapen er klar, og den handlar om meir enn å presse politikarane til handling i klimasaka.

Den handlar også om rettferd for urfolk som lever i regnskogen, og om vern for miljøaktivistar som blir trakasserte av mektige næringsinteresser.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Buthas innlegg på klimakonferansen i Lima

I den store plenumssalen skal mange på talarstolen denne veka. Her er Buthans representant i aksjon

Foto: Eivind Molde / NRK

Respektere urfolk

Judyth Rivero Burgos har komme hit frå Bolivia. Ho er leiar for ei gruppe som arbeider for urfolk sine rettar.

– Vi vil at styresmaktene skal respektere rettane vi har som urfolk. Styresmaktene må ikkje forhandle om rettane våre, om naturressursane i våre område, seier ho.

Studenten Alheli Malaga håpar dei som er på klimakonferansen får med seg det som skjer her inne i sentrum av byen.

– Håpar dei lyttar til oss

– Vi håpar at vi ved å vere her, viser dei at vi er alvorleg uroa for det som skjer med klimaet, og at vi treng løysingar no, seier ho.

Tine Sundtoft

Arbeidet med teksten går sakte, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).

Foto: Eivind Molde / NRK

Blant dei mange som hadde ordet på FN-konferansen onsdag, var klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Ho heldt det norske innlegget.

– Det aller viktigaste eg formidla, var at var at alle land må bidra. Bidraga blir nok ulike, men alle må gjere sitt.

– Og så er det viktig at vi får ein oversikt som viser om det som dei ulike landa bidrar med, er nok til å nå målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid, seier Sundtoft.

Alle land skal sende inn sine mål i første kvartal neste år, som ein del av førebuingane til klimatoppmøtet i Paris, der ein ny, internasjonal avtale skal vere klar.

– Ser ikkje så bra ut

– Vi har sett ei storstilt mobilisering gjennom Folkets klimamarsj, og det er mange som har forventningar om eit godt resultat fredag. Får vi det?

– Forhandlingane om utkastet til avtaletekst går ganske seint. Så akkurat no ser ikkje det så bra ut.

Lyden frå Folkets klimamarsj kunne nok ikkje høyrast inne i den store plenumssalen. Men alle som har ordet her desse dagane, veit nok godt at forventingane er store. No fekk dei nok ei påminning om det.

SISTE NYTT

Siste nytt