Hopp til innhold

Kalla Trump svindlar - no er han senator

Den republikanske Trump-kritikaren Mitt Romney (71) har fått plass i det amerikanske Senatet. Men vil han kritisere presidenten eller snu kappa etter vinden?

Utah Senate Candidate Mitt Romney Holds Election Night Party In Orem, Utah

Nyvalt senator Mitt Romney feira med tilhengarar 6. november.

Foto: George Frey / AFP

– Mitt Romney har hatt litt lite ryggrad når det kjem til stykket, seier Espen Moe, USA-ekspert og professor i sosiologi og statsvitskap ved NTNU.

Espen Moe ved NTNU

USA-ekspert Espen Moe er professor i sosiologi og statsvitskap ved NTNU.

Foto: NTNU

Romney er for første gang valt som senator frå delstaten Utah i USA. Under presidentvalkampen i 2016 var han ein av dei største Trump-kritikarane og oppmoda republikanarane om å stemme på andre presidentkandidatar enn Trump.

Han kalla Trump ein «bløffmakar» og «svindlar» og sa at han ikkje var skikka til å bli president.

– Landsforræderi må til

Men då Trump vann, kom Romney på middag hjå presidenten og «sikla etter ministerpostar», ifølgje Moe.

Henrik Heldahl

Henrik Heldahl er kommentator for amerikanskpolitikk.no.

Foto: Pressefoto / amerikanskpolitikk.no

– Han har rett og slett snudd. Og i valkampen til mellomvalet i Kongressen har Romney lagt bort kritikarsida, påpeiker USA-ekspert Henrik Heldahl, kommentator for amerikanskpolitikk.no.

Ekspertane trur det skal mykje til for at republikanske senatorar skal ta skikkeleg til motmæle mot presidenten no.

– Tidlegare var det mange senatorar som vart kvalm av det Trump fann på. No er det stort sett berre landsforræderi som kan få dei til å reise seg frå stolane, seier Moe.

Ei torn i Trumps side?

Romney overtek no plassen etter Orrin Hatch, som hadde sete i Senatet sidan 1977. Den nye senatoren var Republikanaranes presidentkandidat i 2012, men tapte då for Barack Obama. Han prøvde også å bli presidentkandidat i 2008.

Sjølv er han moderat politisk, men som mormon er han også sosialkonservativ i ein del saker. Som guvernør i Massachusetts innførte han ein helsereform som likna Obamacare, samtidig som han uttala seg kritisk mot tidlegare president Barack Obamas forslag om helseforsikring for alle.

Vil Romney no bli ein torn i auga for Trump, spør ein av The Guardians redaktørar, David Taylor, i ein artikkel.

Neppe, meiner Espen Moe. Han seier Romney er usamd med Trump i mange enkeltsaker.

– Men det er ikkje opplagt at han vil gjere noko stort poeng ut av det, seier NTNU-professoren.

– No har også republikanarane så stort fleirtal i Senatet at det ikkje er slik at enkeltsenatorar har like stor makt lenger, heller.

Trumps senat

I førre periode var det nok med eit par representantar til å snu fleirtalet i Senatet. Etter mellomvalet tysdag er stillinga førebels 51–45 til Republikanarane, med fire usikre seter.

– Republikanarane sit no med eit parti som i større grad er Trumps parti, seier Moe.

– Blir det vanskelegare å utfordre Trump internt i partiet?

– Ja. Det er nærliggande å meine at Trump har blitt ein dyktigare politikar på desse to åra. Stilen hans fungerer i valkampsamanheng. Mykje han har sagt har vore reint pisspreik, men det har fungert.

Moe viser til at Trump først og fremst snakkar til kjensler, og at det fungerer.

– Han er utan tvil den mest påverknadsrike og mektigaste republikanaren. Senatet er no Trumps senat, seier Moe.

Ein tydeleg Trump-kritikar og republikanar som har sete i Senatet frå før, er Ben Sasse frå Nebraska. Men dei nyvalde republikanarane i Senatet kan takke presidenten for sine sigrar.

– Då er det unaturleg å plutseleg bli kjente Trump-kritikarar, seier Heldahl.

Kritikar i enkeltsaker

Heldahl trur likevel at Romney er blant dei som mest truleg vil vere blant Trumps kritikarar i enkeltsaker.

1. november publiserte Romney eit essay der han kritiserte at presidenten kallar media for folkets fiende.

– Eg ser føre meg at han vil ta ei rolle tilnærma den Jeff Flake hadde i Senatet: Kritisere Trumps tilnærmingar, metodar og ytringar ved høve der han føler han burde gjere det, eller når det er offentleg press til å gjere det, seier Heldahl.

USA-eksperten trur likevel at Romney vil stemme med Trump og Republikanarane over 90 prosent av tida.

– Han vil vere ein mann som partiet kan stole på at vil få hans stemme i dei aller fleste saker, seier Heldahl.

– Han er i praksis ikkje så kritisk til Trumps politikk?

– Han er pragmatisk i å sjå sin eigen rolle i partiet. Det er lite av Trump-kritikarar i prominente roller. Det er ikkje plass til dei i partiet. Dei som har prøvd på det, har måtte avstå frå å stille til attval, fordi Trump er så populær i eige parti. Romney er i ein litt annan situasjon, og er ikkje ute etter å starte tida i Senatet som ei bråkebøtte, seier Heldahl.

– Representere med integritet

Romneys politiske karriere starta i 1994 då han stilte som stilte som kandidat til å bli senator, men tapte mot den sitjande demokratiske senatoren Edward Kennedy. Frå 2003 til 2007 var Romney guvernør i Massachusetts. Før det var han sjef for OL i Salt Lake City.

Mitt Romney seier at hans seier i kampen om ein plass i Senatet er ein «siger for verdigheit og respekt». Han vann med stor margin. På Facebook-profilen hans skriv Romney at han er «audmjuk for støtta og tilliten frå folket i Utah».

– Eg skal gjere alt eg kan for å representere dykk med verdigheit, integritet, og på ein måte som vil gjere dykk stolt, skriv Romney.

SISTE NYTT

Siste nytt