NRK Meny
Normal

Mistenkte for 900 drap

Amerikanske styrkar har arrestert to menn dei meiner er anvarlege for bombeaksjonar i Bagdad som har kosta over 900 menneskeliv.

Amerikanske spesialstyrkar gjennomfører ein aksjon mot terrorgrupper i Irak.
Foto: Senior Airman Vanessa Valentine / AFP

Dei to ikkje namngitte mennene vart arresterte under ein aksjon i sunnibydelen Adhamiya i det nordlege Bagdad i dag.

Bombeangepa dei to skal vere ansvarlege for skal i hovudsak ha skjedd i den sjiadmonerte bydelen Sadr-byen, som tidlegare vart kalla Saddam-byen.

Amerikansk soldat på vakt ved eit gatehjørne i Bagdad.
Foto: DAVID FURST / AFP

I ei fråsegn frå det amerikanske forsvaret heiter det at dei to arresterte mennene er leiarar for ei celle som sidan november i fjor har gjennomført bombeaksjonar, i hovudsak ved hjelp av bilbomber, som har drepe rundt 900 uskuldige irakiske borgarar. I tillegg er 1950 menneske såra i desse angrepa.

Den amerikanske talsmannen major Steven Lamb seier at dei to som er arresterte tilhøyrer same terrorcella, men at han ikkje har informasjon om dei er knytte til Al Qaida-nettverket.

Irakiske styresmakter seier at Al Qaida og andre sunnmuslimske grupper er ansvarlege for mesteparten av dei større bombeangrepa i Bagdad.

Amerikanske og irakiske styrkar gjennomfører ein aksjon for å få stans i valdsbruken i Bagdad, og seier at dei har gjort framsteg den siste tida. Dei meiner talet på angrep har gått ned dei siste vekene.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt