Hopp til innhold

Mistenkt seriedrapsmann arrestert etter biljakt

Mannen politiet trur står bak tre drap i Harris County i Houston i Texas sist helg, vart arrestert tysdag morgon lokal tid. Politiet seier han kan ha vore på jakt etter eit fjerde offer.

Trippeldrapsmistenkt arrestert i Houston.

Sherrif Ed Gonzalez (t.h. ) saman med andre politifolk på staden der Gilberto Rodriguez vart arrestert tysdag.

Foto: Godofredo A. Vasquez / AP

Det var eit tips frå publikum som førte til arrestasjonen, og det skjedde like etter at politiet hadde åtvara om ein mogleg seriedrapsmann i området.

– Det er sjanse for at han jakta på eit nytt offer, så vi er svært letta og samstundes takksame overfor innbyggjarane som melde frå at dei hadde observert den mistenkte Jose Gilberto Rodriguez (46), som har vore etterlyst sidan fredag, sa sheriff Al Gonzalez på ein pressekonferanse etter arrestasjonen.

Ute på prøve

Jose Gilberto Rodriguez arrestert for fire drap.

Jose Gilberto Rodriguez (46) er mistenkt for minst tre drap i Houston-området dei siste dagane.

Foto: Handout / Reuters

Rodriguez, som var ute på prøve frå ei lengre fengselsstraff for fleire seksualbrotsverk, køyrde rundt i ein Nissan Sentra varebil då politiet oppdaga han. Han prøvde å stikke av, men etter ei 15 minutt lang jakt vart han arrestert.

Han skal ha vore utstyrt med fotlenke under permisjonen frå fengselet, men denne skal han ha kutta av seg med ein kniv eit par dagar før det første drapet.

Det vart funne eit handvåpen inne i bilen, eit våpen politiet seier Rodriguez stal frå eitt av offera sine.

Det var sist fredag at den mistenkte seriedrapsmannen skal ha gjennomført tre drap. Først ei 62 år gammal kvinne, som vart skoten og drepen i heimen sin i bydelen Cypress. Så vart ei 28 år gammal kvinne drepen inne i ein madrassbutikk laurdag føremiddag, og litt seinare same dag vart ein mann drepen i ein anna madrassbutikk i Houston.

– Sterke indikasjonar

Rodriguez er også mistenkt for å ha rana og skote og såra ein bussjåfør i byen i går. Han er alvorleg såra, men politiet opplyser at han truleg vil overleve.

Sheriff Al Gonzalez seier at det er sterke indikasjonar på at den arresterte 46-åringen er involvert i alle sakene, men han ville ikkje gå i detalj om dette. Han ville heller ikkje seie noko om moglege motiv for drapa, eller om offera var tilfeldige.

«Golden State Killer» – politimann med perverst dobbeltliv

Brukte database for slektsgransking for å finne mulig seriedrapsmann

Håper teknologien som felte «The Golden State Killer» skal avsløre Zodiac-drapsmannen

SISTE NYTT

Siste nytt