Hopp til innhold

Mistenkt gjerningsmann død etter universitetsskyting i Michigan

Skytinga skjedde inne i eit skulebygg på Michigan State University (MSU) i USA, og eit bygg som høyrer til studentforeininga. Minst tre personar er drepne.

Multiple People Reportedly Shot At Michigan State University

GJERNINGSMANN STAKK AV: Studentane ved MSU blei bedne om å ta seg til ein trygg stad måndag kveld.

Foto: BILL PUGLIANO / AFP

– Det er tre som er bekrefta drepne. Dette er i tillegg til dei fem som er frakta til sjukehus, tvitrar politiet. Desse fem er framleis kritisk skada, seier dei tysdag.

Politiet seier tysdag at gjerningsmannen er død, som følge av skotskadar han har påført seg sjølv. I mange timar var det meldt at han hadde stukke av og var på frifot.

– Det er ikkje lenger nokon trugsel mot campus. Vi trur at det berre er ein mistenkt i denne hendinga, seier assisterande universitets-politisjef Chris Rozman, og legg til at vedkomande var 43 år gammal.

– Han er på ingen måte kopla til MSU. Han er ikkje student, lærar eller tilsett. Vi har inga aning om kvifor han kom til campus for å gjere dette i kveld. Det er ein del av etterforskinga som går føre seg no.

Multiple People Reportedly Shot At Michigan State University

Evakuerte studentar omfamnar kvarandre. Dette var medan skyteepisoden gjekk føre seg.

Foto: BILL PUGLIANO / AFP

Studentane ved MSU fekk beskjed om å finne ein trygg stad å vere etter at det blei fyrt av skot rundt klokka 20.30 lokal tid, 02.30 norsk tid natt til tysdag.

Skyteepisoden skal ha starta inne på universitetsbygget Berkey Hall. Gjerningspersonen skal deretter ha teke seg til foreiningsbygget til fots og losna skot på nytt.

– Vi er i sjokk, seier professor Stephanie Anthony ved MSU til NBC News.

Ho seier ho var i Berkey Hall ein time før skytinga skjedde, etter å ha leia eit kveldsarrangement med kring 60 elevar får Lancey ungdomsskule.

Då beskjeden kom, hadde ho akkurat kome heim.

– Dei første to telefonane eg fekk var frå Michigan delstat. Beskjeden var: «Dette er ein alarm. Spring. Gøym deg. Kjemp.» Så eg visste at noko var forferdeleg gale.

To av dei drepne var på Berkey Hall og den siste på foreiningsbygget, melder Reuters.

Det var tidlegare meldt om skyting på eit treningssenter som heiter IM East, men dette var falsk alarm, skriv lokale medium.

Væpnede politifolk med våpen trukket skynder seg inn i Phillips Hall på campus ved Michigan State University i East Lansing i Michigan 14.2.2023

Væpna politifolk trekk inn i Phillips Hall på campus ved Michigan State University.

Foto: Jakkar Aimery / AP

Publiserte bilete av mistenkt

På MSU er alle førelesingar og campus-relaterte aktivitetar er avlyste dei neste 48 timane.

Politiet har lagt ut bilete av den mistenkte personen, som dei tidlegare har skildra som ein kort, svart mann.

Personen på biletet har på seg raude sko, denimjakke og baseball-kaps.

Shooting at Michigan State University

Politiet i Michigan seier denne personen sto bak skytinga på MSU.

Foto: MSU POLICE AND PUBLIC SAFETY VIA / Reuters

Rozman sa på ein pressekonferanse måndag kveld at etterforskarane ikkje kjente til at universitetet hadde fått trugslar i forkant. Han sa også at motivet var ukjent.

East Lansing er ein universitetsby sør for delstatshovudstaden Lansing. MSU er eit offentleg universitet med kring 50.000 studentar.

Den siste masseskytinga på eit skulebygg i Michigan skjedde 30. november 2021, då ein 15 år gammal elev gjekk til angrep på Oxford High School i Oakland-regionen med eit halvautomatisk våpen.

Det var den dødelegaste skuleskytinga i USA det året, ifølge Reuters. Fire klassekameratar blei drepne, og sju andre personar skada.

Studentorganisasjonen No Future Without Today skriv på Twitter at nokre av elevane som overlevde denne skytinga, no er studentar ved MSU.

-

Studentorganisasjonen No Future Without Today på Twitter.

– MSU sitt campus er ein spesiell plass for så mange, og det er no åstaden til endå ei meiningslaus valdshandling med skytevåpen, seier Michigan-guvernør Gretchen Whitmer til NBC tysdag.

– Det må ikkje vere slik. Dette er eit særskilt amerikansk problem. For mange av oss ser etter rømmingsvegar når vi går inn i eit rom. Vi legg ein plan om kven vår siste tekst- eller telefonsamtale skal vere med. Vi burde ikkje, vi kan ikkje, akseptere å leve slik.

SISTE NYTT

Siste nytt