Hopp til innhold

Mistenkjeleg pakke var falsk alarm

Ein mistenkjeleg pakke som blei funnen ved den amerikanske ambassaden i Vatikanet, inneheldt diplomatiske dokument opplyser politiet i Roma.

Pakken som vart undersøkt av bombeekspertar viste seg å vera falsk alarm.

Pakken vart oppdaga etter at den italienske anarkistgruppa Federazione Anarchica Informale tok på seg ansvaret for eksplosjonar ved den chilenske og den sveitsiske ambassaden i Roma førre veke.

Tilsette ved begge ambassadane vart skadde då bombene gjekk av.

Måndag vart ei tredje pakkebombe oppdaga på den greske ambassaden i den italienske hovudstaden. Ekspertar blei kalla inn for å desarmera bomba.

Kort tid etter gjekk alarmen i fleire andre ambassadar i byen, blant anna den irske, ukrainske og den venezolanske. I desse tilfella viste det seg å vera falsk alarm.

SISTE NYTT

Siste nytt