Hopp til innhold

Mistenkeleg pakke funnen på Arlanda

Politiets bombegruppe har transportert bort den mistenkelege gjenstanden som førte til at eit parkeringshus ved Stockholms flyplass Arlanda vart sperra av.

Den mistenkelege pakken vart funnen i eit parkeringshus på Terminal 2 ved Arlanda flyplass, melder den svenske avisa Expressen. Ifølgje politiet var det ei tryggingsvakt på flyplassen som fann pakken i ei søppelbøtte.

Kenneth Knuts, stasjonsansvarleg ved politiet på flyplassen seier at dette er ein pakke som skil seg ut.

– Den er innpakka på ein spesiell måte som gjer at vi reagerer på det, seier Knuts til Expressen.

Brukte bomberobot

Ifølgje Sveriges Radio sende politiet inn ein bomberobot som skulle undersøkje gjenstanden.

Roboten har rørt gjenstanden og ein bombehund har snust på det utan å reagere. No har politiet transportert bort den mistenkelege gjenstanden og ønskjer å sjå nærare på objektet, melder Aftonbladet.

Parkeringsplassen der pakken vart funnen vart evakuert, og politiet sette opp sperringar. Også oppkøyrselen til Terminal 2 vart sprerra av.

Skapar forseinkingar

Fire flyavgangar til Amsterdam, Berlin, Paris og London er forseinka med rundt ein time som følgje av avsperringa av parkeringshuset.

SISTE NYTT

Siste nytt