Vonbrot blei til lykkerus då arbeidarane ved SMART Technologies sjekka lottokupongen sin torsdag.
Seks rette gav nemleg ei uttelling på heile 39 millionar norske kroner.
Fekk oppseiingsbrev dagen før
Dagen før lotto-trekninga hadde arbeidsgjevaren annonsert at dei måtte permittera 200 av sine totalt 300 tilsette, og at dei skulle flytta verksemda til Mexico.
Ti av arbeidarane som fekk oppseiingsbrev var med i eit tippelag. Ein av dei var Colin Willard, som hadde jobba i selskapet i sju år då han uventa mista jobben.
Dagen etter å ha fått den tunge beskjeden om nedskjæringane, var det duka for ny trekning i lotteriet. Willard var den som først sjekka kupongen.
– Eg sjekka nummerrekkja, og bad ein av dei andre koma og ta ein kikk for eg var usikker på om at eg hadde sett rett, seier Willard til CBC News.
Då ein kollega stadfesta at det var full klaff, byrja tvilen å sleppa taket.
– Skalv og rista
– Eg skalv og rista i stolen. Deretter gjekk eg for å fortelja dei gode nyheitene til de andre på tippelaget, men det var ingen som først trudde på meg, seier den arbeidsledige og nybakte millionæren.
Tippelaget hadde nemleg fått storgevinsten i garnet: ein lotteripremie på sju millionar kanadiske dollar, eller drøye 39 millionar norske kroner.
Kvar av dei 18 som var med på tippelaget kan dermed innkassera rundt 2,2 millionar norske kroner kvar.
«Komfort-sone»
– Me blir ikkje styrtrike av dette, det er me alle klare over. Men det er fint å kunne ha denne premien som ein økonomisk komfort-sone, seier Tony Mather (50).
– Det har vore vanskeleg, men no er alt bra, seier ein av vinnarane, Tony Mather som i går skåla i whiskey saman med Willard.
Dei 18 arbeidarane som vann lotteriet hadde fredag varsla om at dei ikkje ville møta på jobb. Dei skulle til Toronto for å gjera krav på gevinsten sin.