Hopp til innhold

Mississippi fjernar sørstatsmerke frå delstatsflagget

Dei folkevalde i den amerikanske delstaten Mississippi vedtok søndag å fjerne det omstridde sørstatsmerket i flagget til delstaten.

Eg elskar dette flagget, seier David Flynt frå Hattiesburg i Mississippi. Her står han utanfor delstatsforsamlinga i Jackson saman med andre tilhengarar av det gamle flagget.

STERKE KJENSLER: – Eg elskar dette flagget, seier David Flynt frå Hattiesburg i Mississippi. Her står han utanfor delstatsforsamlinga i Jackson saman med andre tilhengjarar av det gamle flagget.

Foto: Rogelio V. Solis / AP / NTB Scanpix

Det var brei tverrpolitisk semje om å fjerne symbolet frå flagget, i begge kamra i delstatsforsamlinga.

Vedtaket vart først stemt gjennom i Representanthuset med 91 mot 23 stemmer. Få timer seinare stemte Senatet med 37 mot 14 stemmer for framlegget.

Den republikanske guvernøren, Tate Reeves, seier han vil skrive under lova. Delstatsflagget mistar dermed den offisielle statusen det har hatt, så snart lova vert godkjent.

Tilhøyarar på galleriet reiste seg og klappa då vedtaket vart gjort i delstatsforesamlinga i Jackson.

APPLAUS:Tilhøyrarar på galleriet reiste seg og klappa då vedtaket vart gjort i delstatsforsamlinga i Jackson.

Foto: Rogelio V. Solis / AP / NTB Scanpix

Det omstridde flagget vart endra for meir enn hundre år sidan av politikarar som var overtydde om at kvite var dei svarte overlegne. Emblemet frå den gamle sørstatskonføderasjonen kom dermed inn i flagget ein generasjon etter at sørstatane tapte den amerikanske borgarkrigen.

Elska og hata

Innvendingane mot delstatsflagget har auka og fått stor kraft i kjølvatnet av protestane mot rasediskriminering i USA. I Mississippi er 38 prosent av innbyggjarane svarte. Flagget er i stor grad rekna som rasistisk.

Men flagget vekker og sterke kjensler hjå dei tradisjonstru:

– Eg elskar dette flagget, seier David Flynt frå Hattiesburg i Mississippi. Han har tatt oppstilling utanfor delstatsbygninga i Jackson og hevar flagget høgt over hovudet i vinden.

Missisippis delstatsflagg med sørstatsemblemet.

SKAL BORT: I valget i november skal innbyggjarane i Mississippi velje eit nytt flagg til erstatning for det omstridde konføderasjonsflagget.

Foto: Rogelio V. Solis / AP / NTB Scanpix

Mississippi er den einaste delstaten i USA som har sørstatssymbolet som del av det offisielle flagget. Georgia tok det bort i 2003.

Ein kommisjon skal no foreslå eit nytt flagg som skal innehalde orda «In God We Trust». Veljarane skal ta stilling til forslaget i valet i 3. november.

SISTE NYTT

Siste nytt