Hopp til innhold

Misnøgd pasient skaut fem utanfor klinikk i USA

Ein 67 år gammal mann er arrestert etter at han byrja å skyte mot ein helseklinikk i byen Buffalo i Minnesota i USA tysdag. Ein person er død av skotskadar.

Klinikk i Buffalo i Minnesota i USA

Eit 67-år gammal mann som var misnøgd med helsehjelpa han fekk, skaut fem personar utanfor Allina-klinikken i byen Buffalo i Minnesota i USA tysdag.

Foto: Stephen Maturen / AFP / NTB

Det skal og ha vore ein bombeeksplosjon på staden, rapporterer nyheitsbyrået AFP.

I alt fem personar vart trefte av skota og ein av dei døydde tysdag kveld, opplyser ein talsperson for HCMC-sjukehuset i Minneapolis. Tilstanden til tre av dei skadde er kritisk, medan den fjerde er utskriven.

Naudetatane fekk melding om hendinga i Buffalo, som ligg nær den største byen i delstaten, Minneapolis, om lag klokka 10.55 lokal tid tysdag – 17.55 norsk tid. Styresmaktene seier gjerningsmannen vart arrestert like før klokka 12.

Politifolk leiter etter bevis på parkeringsplassen utanfor klinikken i Buffalo der fem menneske blei skotne

Politifolk leiter etter bevis på parkeringsplassen utanfor klinikken i Buffalo der fem menneske blei skotne

Foto: KEREM YUCEL / AFP / NTB

Avhengig av smertemedisin

Politiet seier det er for tidleg å seie om angrepet var retta mot ein lege, men rettsdokument viser at 67-åringen tidlegare hadde fått pålegg om å ikkje ha kontakt med ein av legane ved klinikken.

Mannen har fleire gonger tidlegare uttrykte sterk misnøye med helsehjelpa han har fått, opplyser politiet.

Medikamentsmisbruket hans kan ha vore motivet for angrepet, skriv lokalavisa Star Tribune. Ein romkamerat av mannen skal ha sagt til avisa at 67-åringen var avhengig av smertestillande medisinar og var sint fordi legen hadde nekta han meir.