Mishandlet til døde i Umeå

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein ung mann er mishandla til døde i den svenske byen Umeå. Tre andre er sende til sjukehus med skadar. Seks personar er arresterte.

Det var ved 21.30-tida i går kveld det vart ringt etter ambulanse frå eit husvære i bydelen Ersboda i den nordsvenske byen.

Peder Jonsson, informasjonsansvarleg for politiet i Västerbottens län, seier at det vart funne ein livlaus person, og i tillegg fleire personar med skadar. Han understrekar at det er ei svært alvorleg sak. Han kan ikkje seie om nokon er pågripen i saka.

Den døde er ikkje identifisert, men det skal vere ein ung mann. Det tre som vart tekne til sjukehus skal ikkje vere livstruande skadde.

Politiet har ikkje oversikt over kva som har skjedd i husværet, men seier at det blir etterforska som eit drap.

Det er opplysningar om at det er brukt eit balltre i mishandlinga, men politiet vil ikkje stadfeste dette overfor Aftonbladet. Ein nabo som avisa har snakka med. seier at det har vore bråk i det aktuelle husværet tidlegare.

Sjå video frå Sveriges Televisjon:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt