Hopp til innhold

Misforstod rapport om avhopping

Nyheitsbyrå meldte at visepresidenten i Syria har hoppa av frå regimet, men dette skal berre gjelde slektningar av mannen.

Farouk al-Sharaa

Farouk al-Sharaa (til høgre) er framleis visepresident i Syria, men slektningane har hoppa av regimet. Her saman med Hamas-leiar Mahmoud Zahar.

Foto: Bassem Tellawi / AP

Tidlegare vart det meldt på nyheitsbyrået Reuters at Syria sin visepresident, Farok al-Sharaa, hoppa av. Men desse meldingane vart seinare trekt tilbake.

Visstnok er det slektningar av visepresidenten som har hoppa av, og ikkje visepresidenten sjølv.

Ei erklæring vart lest opp av ein slektning av visepresidenten under nyheitssendingane til den arbiske TV-kanalen Al Arabiya. I denne erklæringa oppfordra dei militæret til å «bli med i revolusjonen» mot regimet til Assad.

For berre knappe to veker etter at statsministeren i landet, Riad Hijab, hoppa av, berre to månader etter at han vart innsett.

SISTE NYTT

Siste nytt