Hopp til innhold

Fekk bustadblokk over seg - redda ut i live

Fortvila jordskjelvråka spanjolar var i går vitne til eit mirakel midt oppe i tragedien. To små born vart redda ut av ruinane.

Innbyggjarane i byen Lorca i Spania fekk i går oppleva eit lite snev av håp og glede etter at to jordskjelv hadde lagt store delar av byen i ruinar og teke minst åtte menneskeliv.

Under sønderknust bygningsbetong fann redningsarbeidarar to små born, forvirra og skrekkslagne, men utan alvorlege skadar.

Søkte tilflukt

Leting etter savnede i Lorca, Spania

Ein redningsarbeidar leitar etter overlevande etter jordskjelvet.

Foto: Alberto Saiz / Ap

Bydelen La Viña er eitt av områda i Lorca som skjelvet gjekk hardast ut over.

Det første skjelvet hadde ein styrke på 5,3 og fekk ei tre etasjar høg bustadblokk til å rasa som eit korthus. På gata utanfor gjekk ei 37 år gammal kvinne saman med sine to born.

Ho skulle ta med seg sine to små til ein hage i nærleiken for å søkja tilflukt der. Så langt kom ho aldri.

Fekk bygning over seg

For på vegen bort til hagen gav bustadblokka etter for ristingane. Både mor og born blei borte i betongrøysa og støvskya som velta opp, fortel eit vitne til den spanske avisa La Verdad, som tilfeldigvis hadde eit reporterteam i nærleiken.

Brannmannskap kom raskt til staden. Det første synet som møtte dei var tragisk. Livet til kvinna stod ikkje til å redda, og borna hennar var søkk borte.

Rop om hjelp frå små bornestemmer var heller ikkje å høyra. Det var difor ingen som greidde å halda tårene tilbake då dei to ungane brått kom syne.

«Til og med fotografane frå pressa måtte ta ein pause og tørka tårene», skriv La Verdad-journalisten Javiér Pérez Parra.

Dei to var dekte av støv og skitt, men mirakuløst nok i live og i god fatning. Med englevakt slapp dei unna med skrammer og sjokket.

– Det var brutalt

Jordskjelv i Spania

Øydeleggingane er omfattande etter jordskjelvet som råka sør i Spania onsdag.

Foto: PEDRO ARMESTRE / Afp

María Ayala bur i nabobygget og var vitne til at blokka med 15 leilegheiter blei lagd flat på grunn av det kraftige skjelvet.

– Det var brutalt. Det kjentes som om heile verda rasa saman under meg, fortel Ayala til La Verdad.

Like etter at dei to ungane vart tekne med i sikkerheit, blei to andre personar funne i live. Ein mann greidde å koma seg ut på eigahand, medan ei kvinne blei henta på båre og frakta til ambulansepersonell med lettare skadar. Spesialtrente hundar er også sett inn i søket etter overlevande som framleis kan vera fanga under bygningsmassane.

Dei lokale styresmaktene har torsdag offentleggjort namna på fleire av dei åtte døde. Ein 14 år gammal gut og to gravide kvinner på 22 og 51 år er blant ofra.

SISTE NYTT

Siste nytt