Hopp til innhold

Uvæpna mann brutalt avretta av opprørarar i Syria

Ein uvæpna, sivilkledd mann blir skoten og drepen av opprørssoldatar på opa gate i Haram i Syria, medan nyheitsbyrået Reuters filmar det som skjer.

Lenger video fra henrettelse i Syria.

VIDEO: Kort tid etter er han død

Du kan sjå litt av videoen over. Innhaldet er så grovt at vi ikkje kan vise alt, men det er ingen tvil om kva som skjer. Mannen blir drepen med kaldt blod.

Sivil skoten av opprørssoldatar i Syria.

Den uvæpna annen vart skoten fleire gonger av opprørssoldatane.

Foto: Reuters

Det var sist veke filmteamet frå Reuters var med ei opprørsgruppe i byen Haram, ikkje langt frå Aleppo. Her har opprørarar omringa fleire hundre regjeringssoldatar og soldatar frå militsgrupper som er lojale til Assad-regimet.

Frå hus til hus

Etter fleire dagar med harde kampar gjekk opprørarane frå hus til hus. Frå eitt av husa hengar opprørarane ein mann, truleg rundt 40 år, i sivil. Han har ikkje våpen på seg, i alle fall ikkje synleg.

Tre opprørarar hevar Kalasjnikovane sine. Først kjem eitt skot, så eitt til og så eit tredje. Mannen tumlar over ende, og så kjem fleire skot. Mannen blir liggjande heilt stille, truleg er han alt død. Så rettar ein av opprørarane eit våpen mot han og avfyrer ein siste runde skot mot hovudet hans.

Kort tid etter blir ein annan sivilkledd mann dregen ut av eit hus og ført bort. Det er uklart kva som skjer med han vidare.

LES OGSÅ: Framleis splitting i Syrias opposisjon

LES OGSÅ: Kraftige eksplosjoner nær presidentpalasset i Damaskus

– Prøvde å stanse dei

Opprørssoldatari Haram i Syria.

Ein mann blir ført bort av opprørssoldatar i Haram. Det er uklart kva som skjedde med han.

Kommandøren for opprørsbrigaden, Basel Eissa, seier til Reuters at han prøvde å stanse mennene sine, men at han ikkje greidde det. Seinare seier han at dei har funne dokument som viste at den drepne mannen var offiser i dei syriske regjeringsstyrkane.

Dette er det ingen uavhengige kjelder som kan stadfeste.

– Eg prøver å minne dei om at det er moralske grunnar til å ikkje drepne soldatar. Eg seier også at det er feil reint strategisk, at vi kan få viktig informasjon om vi let desse mennene få leve, seier Basel Eissa.

– Vi skal ikkje dømme desse mennene. Det er Gud sin jobb, legg han til.

Krigsbrotsverk

FN har tidlegare skulda regimet til Bashar al-Assad for krigsbrotsverk under borgarkrigen i Syria, men seier at også opprørarane gjer seg skuldige i brot på menneskerettane i krig. Men dette skjer i mindre skala hos opprørarane enn hos regjeringsstyrkane, har etterforskarar frå FN sagt.

Teamet frå Reuters såg medan dei oppheldt seg saman med opprørarane i Haram blant anna lika av fire uniformerte soldatar liggje i ein hage. Alle var skotne i hovudet.

LES OGSÅ: Minst ti drept av bomber i Damaskus

Fangar på listen lastebil i Haram i Syria.

Opprørssoldatar har samla ei gruppe fangar på ein pickup-lastebil.

Tidlegare denne veka vart ein video som viser at ei gruppe regjeringssoldatar vart regelrett avretta av opprørssoldatar. Dette skjedde i ein annan del av Idlib-provinsen, og FN-representantar som har sett videoen har gjort det klart at dette kan karakteriserast som krigsbrotsverk.

– Greier ikkje hjelpe

Over 36.000 menneske er drepne sidan opprøret mot Assad-regimet starta i Syria i mars 2011. I går sa Peter Maurer, sjefen for Det internasjonale Røde Kors (ICRC), at situasjonen no er så ille i landet at Røde Kors ikkje greier å handtere det.

IRC samarbeider med Raude Halvmåne i Syria om å få fram naudhjelp, men likevel er det umogleg å nå fram over alt.

– Det er ikkje noko poeng å planleggje. Kvar dag endrar situasjonen seg og krigshandlingane flyttar på seg, seier han.

Opprørarar i aksjon i Haram i Syria.

Det har vore harde kampar i Haram i fleire veker. Opprørarane er godt utstyrte med våpen.

Foto: Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt