Minst tre drepne etter skyting på trikk i Utrecht

UTRECHT/OSLO (NRK): Politiet har arrestert ein 37-åring som var ettersøkt etter at minst tre personar er drepne og fem er såra i skyting på ein trikk sentrum av byen Utrecht i Nederland.

Det var nederlandsk politi som opplyste klokka 18:30 at den etterlyste Gökmen Tanis er arrestert.

Den nederlandske kringkastaren NOS melder at informasjonen om pågripelsen kom helt på slutten av pressekonferansen.

En twitterbruker skriv at han så pågripelsen ut av vindauget i sin leilegheit i Utrecht.

Laster Twitter-innhold

Arrestasjonen skal ha skjedd i gata Oudenoord, omtrent to kilometer frå der skytinga skjedde.

– Vi har nettopp fått informasjon om at den ettersøkte er arrestert, sa politisjefen i Utrecht, Rob van Bree.

Tidlegare har det vore kjent at broren til den etterlyste var tatt inn til avhøyr av politiet.

Gökmen Tanis

ARRESTERT: Dette skal vere den nå arresterte Gökmen Tanis. De skal vere tatt inne i trikken. Bildet blei delt ut til pressen i ettermiddag.

Foto: Politiet i Nederland/handout

– Skal ha vore i familie

Dei tyrkiske nyheitsbyråa Hurriyet og Anadolu skriv no at ei kvinne, som er blant dei skotne, skal ha ein familierelasjon til den etterlyste mannen. Dei andre som vart skutt på trikken skal ha forsøkt å hjelpe kvinna.

Faren til mannen fortel til Hurriyet at han ikkje har hatt kontakt med sonen på 11 år. Han opplyser at 37-åringen var gift med sin kusine, men at dei vart skild for to månader sidan.

Kvinna som blei skoten, skal ha vore mor til kusina.

– Ikkje terror

Den nederlandske kringkastaren NOS har snakket med folk som kjenner den etterlyste mannen. De seier at angrepet sannsynligivis kom på grunn av relasjonsproblem, og at han ikkje hadde et terrormotiv.

– Nokon gonger grodde han skjegget sitt og gjekk i lange kjortlar, men så begynte han å drikke alkohol igjen, seier ein person til NOS.

Tidlegare dømt

Mannen er godt kjend av politiet, og har eit kriminelt rulleblad, seier den nederlandske justisministeren Ferd Grapperhaus til Ap.

Nederlandske media skriv at han for to veker sidan var i retten i samband med ei valdtektssak. Han skal også ha siktelser mot seg for drapsforsøk, våpenbruk og narkotika.

Politiet haldt ei pressekonferanse klokka 18:20 norsk tid, der dei opplyste dei at ein person var arrestert i saka, men at det ikkje er den etterlyste 37-åringen. Seinare kom informasjonen om at også 37-åringen var arrestert.

Politiet etterforskar saka framleis som et terrorangrep, men utelukkar ikkje andre motiv.

Jacek Magala filmet politiaksjonen på en adresse i Ultrecht

Hevet trusselnivået

Styresmaktene i Nederland Trusselnivået i provinsen Utrecht er heva til det høgaste nivået fram til minst klokka 18.00.

Militærpolitiet har styrka vakthaldet på flyplassane og ved sentrale bygningar, og tryggleiken er styrka ved politistasjonar over heile landet.

Politiet i Nederland melde tidlegare måndag på Twitter at fleire skot var fyrte av på ein trikk på 24. oktober-plassen i Utrecht, nær sentralstasjonen i sentrum av byen.

Offer for skot på trikk i Utrecht

Eit av offera for skytinga ligg på gata, like ved trikken i sentrum av Utrecht.

Foto: AP

Måndag ettermiddag stadfesta politiet at ein person er drepen.

I 15-tida uttala borgarmeister Jan van Zanen i ein video på Twitter at minst tre personar no er omkomne og at minst ni er skadde.

Det blei stadfesta av politiet etter 40 minutt.

Laster Twitter-innhold

Jakta namngitt gjerningsmann

Politiet bad folk om å vere på utkik etter den tyrkiskfødde 37 år gamle Gökmen Tanis i samband med hendinga måndag føremiddag.

Dei oppmoda til ikkje å ta kontakt med han sjølv, men umiddelbart ringe politiet om dei ser han.

Laster Twitter-innhold

Tanis er fødd i provinsen Yozgat sentralt i Tyrkia, ifølgje tyrkiske medium. Han skal ha reist til Tsjetsjenia og slutta seg til væpna grupper der, ifølgje BBC Turkey.

I tillegg skal han ha blitt arrestert i Nederland med skuldingar om IS-medlemskap. Seinare skal han ha blitt lauslaten.

– Eit åtak på vårt opne samfunn

Statsministeren i Nederland, Mark Rutte, kallar hendinga for «urovekkande».

– Dette rammar uskuldige menneske. Vi reagerer med vantru og avsky. Dette er eit åtak på vårt tolerante og opne samfunn, seier statsministeren på ein pressekonferanse i 14.30-tida.

– Det einaste svaret er at vår rettsstat og vårt demokrati er sterkare enn fanatisme og vald, held Rutte fram.

Justisminister Ferdinand Grapperhaus stadfesta at trusselnivået er på nivå fem i Utrecht, og på nivå fire i resten av landet.

Styresmaktene bad folk halde seg innandørs, då dei ikkje kunne utelukke fleire hendingar.

Klokka 16.10 oppheva ordføraren i byen rådet om å halde seg inne.

Kongehuset sørgjer

Kong Willem-Alexander og dronning Máxima i det nederlandske kongehuset uttalar at det er svært lei seg.

– Vi uttrykker vår djupaste medkjensle til offera og familiane deira.

Dei kallar hendinga for totalt uakseptabel og oppmodar folket til å stå saman for å sikre eit trygt samfunn med fridom og toleranse,

Moskear er evakuerte

Alle moskeane i Utrecht skal vere evakuert som eit førebyggjande tiltak. Skuleelevar og studentar er oppmoda til å halde seg heime, melder den nederlandske kringkastaren NOS.

Nederlandske parti innstiller valkamparrangement inntil vidare. Onsdag skal det vere eit val i provinsen som vil vere avgjerande for korleis overhuset i det nederlandske parlamentet vil sjå ut.

Tryggleiken er skjerpa ved alle politistasjonane i landet.

Det vil seie at det er utstasjonert ein væpna politioffiser med skotsikker vest ved kvar stasjon. Også personell utplassert på strategiske posisjonar har på seg skotsikre vestar, melder politiet på nettsida si.

Politiet i nabolandet Tyskland har styrka overvakinga av grensa mot Nederland, både små og store grenseovergangar og togruter.

Utelukkar ikkje terror

Eit vitne fortel at ein person, utan noko form for åtvaring, trakk opp eit skytevåpen og opna eld mot fleire personar. Det er uklart om det er snakk om eit målretta attentat, eller om offera var tilfeldige.

Meldinga kom først inn til politiet klokka 10.45. Styresmaktene utelukkar ikkje at det kan vere snakk om terror, men det kan også vere andre årsaker til hendinga.

Det er i dag store markeringar over heile Nederland fordi det er fagrørslene sin dag. Fleire politibilar var difor ute på oppdrag når dei første meldingane kom inn, melder den lokale TV-kanalen RTV Utrecht.

Etter skytinga blei vegane i området stengde og berre brukt for utrykkingskøyretøy. Toga går som normalt, melder

NETHERLANDS-EMERGENCY

Mange ambulansearbeidarar er på staden for å hjelpe dei skadde.

Foto: ROBIN VAN LONKHUIJSEN / AFP

Nabo vart vitne til skyting

Eit vitne fortalde til avisa De Telegraaf at det var kaos på staden. Han såg ei kvinne ligge på bakken og rope at ho ikkje hadde gjort noko.

– Eg kom frå jobb då det skjedde. Eg stod ved lyskrysset ved 24. oktober-plassen og såg ei kvinne liggande på bakken. Eg trur ho var mellom 20 og 35 år gamal. Så høyrde eg «pang, pang, pang». Fire menn gjekk fort i retning av kvinna og drog ho bort. Då høyrde eg nye skot, og mennene måtte la kvinna ligge, fortel vitnet Jimmy de Koster.

Også andre vitne fortel om den same hendinga, som dei omtalar som ein slags konfrontasjon.

Fleire vitne meiner at det er snakk om fleire gjerningspersonar, og politiet opplyser at dei søker etter minst ein, kanskje fleire personar. Det er fleire helikopter i lufta, og antiterrorstyrkar er på staden.

Fleire trikkepassasjerar har også klart å kome seg bort frå trikken utan å bli fysisk skadde.

SISTE NYTT

Siste nytt