Hopp til innhold

Minst to drepne i angrep mot ISAF-base i Afghanistan

Minst to amerikanske elitesoldatar er drepne, og fleire andre er såra i eit angrep på ISAF-basen Camp Bastion i Afghanistan i kveld.

Prins Harry i Afghanistan

Prins Harry er ein av dei britiske soldatane i Camp Bastion i Afghanistan.

Foto: JOHN STILLWELL / Afp

BBC melder at angrepet var retta mot den amerikanske delen av basen, men det er ikkje klart kva nasjonalitet dei drepne og såra har. Det er flest britar på basen, men også soldatar frå USA og andre land som er med i ISAF-styrken.

Ein amerikansk militær talsmann seier at angrepet mot basen er alvorleg. Ein talsmann for det britiske forsvaret seier at ingen av deira soldatar er involverte i angrepet mot basen.

Prins Harry var i leiren

– Militante opprørarar har skote rakettar mot basen, opplyste ISAF-talsmann, major Martyn Crighton, og like etter kl. 23.30 norsk tid sa han at angrepet truleg ikkje er avslutta. Han opplyser til Sky News at det er gjort stor skade på bygningane på basen.

Også ein hangar med fly skal vere øydelagt i angrepet.

Storbritannias prins Harry er stasjonert på denne basen i den urolege Helmand-provinsen, og den islamistiske opprørsgeriljaen Taliban har varsla at dei vil gjere alt dei kan for drepe prinsen.

Nato stadfester at prins Harry var i leiren da angrepet skjedde, men seier at han ikkje var i fare, skriv Reuters.

Høgare beredskap

Storbritannias forsvarsminister Philip Hammond vitja Camp Bastion så seint som i går.

Britiske styresmakter har opplyst at dei har skjerpa tryggleiken ved alle basane sine på grunn av uroa rundt ein amerikansk Muhammed-film, som har ført til alvorlege samanstøytar og angrep i mange muslimske land.

Det er uklart om angrepet i kveld har samband med dei enorme demonstrasjonane mot USA i mange muslimske land

LES OGSÅ: Prins Harry tilbake i Afghanistan

SISTE NYTT

Siste nytt