Hopp til innhold

Burka-kledde opprørarar angreip politistasjon

Minst ti politifolk vart drepne då ei gruppe opprørarar, fleire av dei kledde i burka, gjekk til angrep på ein politistasjon i det nordvestlege Pakistan i dag.

Video Burka-kledde angrep politistasjon

VIDEO: Se de dramatiske bildene fra pakistansk fjernsyn.

Dei burkakledde opprørarane tok fram våpen då dei kom fram mot hovudinngangen til politistasjonen, og dei byrja å kaste handgranatar og skyte mot vaktene.

Sprengde seg inn

Deretter greidde dei å sprengje seg inn i sjølve politistasjonen ved hjelp av handgranatar, og då dukka det opp fleire opprørarar som tok seg inn i bygningen. Det var 17 politifolk på vakt då angrepet på politistasjonen starta.

Det var klokka 20 norsk tid framleis kampar inne på politistasjonen, og ein polititalsmann seier at det er to eller tre opprørarar igjen inne i bygningen. Talsmannen fortel at to av angriparane detonerte sjølvmordsvestar då det kom politi-forsterkingar til stasjonen. Tre andre vart skotne og drepne, opplyser han.

Truleg Taliban-angrep

Fjernsynsbilete viser svart røyk som kjem opp frå taket av politistasjonen, og av politifolk som skyt mot angriparane inne i bygningen.

Ingen har førebels teke på seg ansvaret for angrepet på politistasjonen, men måten det er gjennomført på tyder på at det er den pakistanske greina av Taliban. Nær 4500 menneske er drepne i Taliban-angrep i Pakistan sidan 2007.

Politistasjonen ligg i byen Kolachi, ikkje langt frå grensa mot det lovlause stammeområdet Sør-Waziristan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt