Hopp til innhold

Minst ni drepne i bombeangrep

Minst ni menneske er drepne i ein bombeeksplosjon i ein restaurant med mange utanlandske gjestar i Pune i det vestlege India.

Video nsps_upload_2010_2_13_18_24_42_1807.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Den populære restauranten vart fullstendig smadra i eksplosjonen.

Eksplosjonen skjedde i restauranten og bakeriutsalet "German Bakery", og det skal ha vore fullt av turistar og utlendingar. Politiet er sikre på at eksplosjonen skuldast ei bombe, og kallar det eit terrorangrep.

Første sidan Mumbai

Dette det første større angrepet i India sidan terrorangrepa i Mumbai 2008.

- Det er ni døde og 45 såra etter eksplosjonen. Det er ikkje tvil om at det var eit bombeangrep, seier Rajendra Sonawane i politiet i Pune. Fleire av dei såra har alvorlege skadar.

Bomba var plassert i ein bag som var sett igjen i restauranten, legg han til. Bomba gjekk av då ein av dei tilsette skulle sjekke innhaldet i bagen

Politiet opplyser at det er ein utlending blant dei ni drepne. Det er førebels uklart kva nasjonalitet vedkomande har. Tidlegare opplyste ei kjelde i politiet at det var fire utanlandske kvinner blant dei drepne.

Fleire indiske aviser og fjernsynsstasjonar har tidlegare at det er fleire utlendingar blant dei drepne og såra.

Jødisk forsamlingslokale

Angrepet skjedde kl. 1830 lokal tid, kl. 14 norsk tid. Det skal vere eit jødisk forsamlingslokale like i nærleiken av staden, opplyser ein lokal fjernsynsstasjon.

Henning Carr Ekroll

Henning Carr Ekroll reiste forbi Pune tidlegare i dag.

Foto: NRK

NRK-medarbeidar Henning Carr Ekroll er i kveld i Mumbai, rundt 80 kilometer frå Pune. Han køyrde forbi Pune med tog i ettermiddag.

Ekroll fortel at tryggleikstiltaka på jernbanestasjonen i Mumbai er kraftig skjerpte i løpet av kvelden.

- Då eg reiste frå Mumbai for ti dagar sidan var stemninga avslappa. Då eg kom tilbake til byen i dag var politiet svært synleg på stasjonen. Alle vart undersøkte med metalldetektor, og mange vart kroppsvisiterte, fortel han på telefon frå Mumbai.

- Det er høg beredskap i heile delstaten, og styresmaktene har gått ut og bede vestlege turistar om å vere forsiktige, seier han.

David Headly

NDTV melder også restauranten og bakeriet ligg like ved eit hotell der den hovudmistenkte for Mumbai-terroren, David Headly, budde då han vitja Pune. Headly er også mistenkt for å stå bak planar om å angripe den danske avisa Jyllandsposten.

- Vi høyrde ein kraftig smell, og alle sprang ut. Eksplosjonen var så kraftig at det låg små kroppsdelar over alt, seier Vinod Dhale, ein av dei tilsette ved German Bakery.

LES OGSÅ: Mumbai-tiltalt trekker tilståelsen

LES OGSÅ: - Visste om Mumbai-angrepene

LES OGSÅ: Amerikaner siktet for å ha planlagt Mumbai-massakren

LES OGSÅ: Frykter nye angrep

NRK.no følgjer saka

Eksplosjonen gjorde stor skade på bygningen.

Eksplosjonen i 'German Bakery' i Pune var svært kraftig.

Foto: Ritupama Bhowmik / Scanpix/Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Ble trent av Mumbai-terroristene

LES OGSÅ: Etterlyser Mumbai-mistenkte