NRK Meny
Normal

Minst fem omkomne etter takkollaps i Riga

Minst fem personar har miste livet, og fleire kan vere fanga i ruinane etter at taket på eit kjøpesenter rasa saman i Latvias hovudstad Riga i kveld.

Nordmannen Tor Bernhard Slaathaug er i Riga og han fortel at 30 stykk skal vere frakta til sjukehus kor ein er alvorleg skadd.

– Det ser ut som taket har kollapsa rett ned, fortel Tor Bernhard Slaathaug på telefon frå Riga.

To av dei feme omkomne er brannmenn. Brannkorpset kom til bygningen kort tid etter at taket hadde rasa saman.

Latviske medium melder at 500 kvadratmeter av taket kollapsa, og at det var mange folk i kjøpesenteret då det skjedde.

Latvia Roof Collapse

To av dei omkomne var brannmenn som kom til bygningen etter at den hadde kollapsa.

Foto: Roman Koksarov / Ap

30 menneske er skadde, 22 av dei er på sjukehus. 15 av dei vart redda ut av ruinane.

Tidlegare i kveld sa viseordførar i Riga, Andris Ameriks, at opp mot 50 personar var sperra inne i ruinane. Hjelpemannskap har seinare sagt at dette var eit røft anslag.

Sannsynlegvis er det langt færre personar innestengde i den samanraste bygningen.

17 ambulansar er sende ut til ruinane av det to år gamle Maxima-kjøpesenteret, som ligg i ein forstad til Riga. Bygningen er 500 kvadratmeter stort og er kjent for sin spesielle arkitektur.

LATVIA-COLLAPSE/ The collapsed roof of a store is pictured in Riga

Det skal ha gått føre seg bygningsarbeid på taket då det falt saman.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Nordmannen Tor Bernhard Slaathaug er i Riga og han fortel at minst ein av dei som er frakta til sjukehus, er alvorleg skadd.

– Det ser ut som taket har kollapsa rett ned, og fått følge av ein vegg seinare, fortel Slaathaug.

Det vart først meldt at det var snakk om ein eksplosjon, men dette er seinare avvist. Talskvinne for brann- og redningsetaten, Viktorija Sembele, seier at årsaka til kollapsen førebels er ukjend, men at det skal ha pågått arbeid på taket før det rasa saman.

Seint i kveld blir det opplyst at det vart jobba med å etablere ein hage på taket av kjøpesenteret, der det skulle leggjast eit jordlag på minst 20 centimeter.

Dei siste dagane har det vore store nedbørsmengder i Riga, og dette kan ha medverka til at taket rasa saman.

NRK oppdaterer saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt