Hopp til innhold

Nytt bombeangrep mot Hizbollah-bydel i Beirut

Minst fem menneske er drepne i ein kraftig eksplosjon i den sørlege delen av den libanesiske hovudstaden Beirut i ettermiddag, opplyser kjelder i innanriksdepartementet.

Bombeangrep i Beirut 2. januar 2014.

Bombeangrepet i Beirut torsdag ettermiddag kosta fem menneske livet. Minst 66 vart såra.

Foto: - / Afp

Det var ei bilbombe som eksploderte i bydelen Haret Hreik, eit område der den sjiamuslimske organisasjonen Hizbollah står sterkt. Eksplosjonen blir karakterisert som svært kraftig, og det steig svart røyk opp frå staden. Minst 66 menneske er såra i angrepet.

Store øydeleggingar

Bombeangrep i Beirut 2. januar 2014.

Røyken frå eksplosjonen var synleg frå lang avstand.

Foto: STRINGER / Reuters

Den libanesiske avisa Daily Star melder at fleire titals bilar vart sette i brann av eksplosjonen, og det vart skote i lufta for å få folk unna. Hizbollahs fjernsynsstasjon Al-Manar melder at bomba var plassert i ein firehjulstrekkar på Al-Areed-gata.

Ikkje stadfesta meldingar seier at det truleg vart ein sjølvmordsaksjon.

Det er gjort skade på husfasadar og fleire titals bilar i gata der eksplosjonen skjedde. TV-bilete viser menneske som prøver å sløkkje brannar i bilar som stod parkerte like ved der bomba gjekk av. Mange ambulansar kom raskt til staden.

Beirut har vore ramma av fleire bombeeksplosjonar dei siste veke, seinast 27. desember . Då vart den tidlegare finansministeren Mohammad Shatah og sju andre drepne i eit bombeangrep i sentrum av byen.

Borgarkrigen i Syria

Det Hizbollah-dominerte Sør-Beirut har også vore ramma av fleire bombeangrep. Observatørar trur at angrepa har samband med borgarkrigen i nabolandet Syria. Hizbollah støttar det syriske regimet, medan fleire sunnimuslimske grupper støttar opprørarane.

Video: Eksplosjon i Beirut

VIDEO: Store øydeleggingar etter bombeangrep i Beirut

25. november vart 25 menneske drepne i eit angrep nær den iranske ambassaden i Beirut.

BBCs Midtausten-redaktør Sebastian Usher seier at bomba i dag ikkje var like kraftig som dei andre som har ramma Beirut den siste tida, men at ho gjorde stor skade fordi eksplosjonen skjedde midt i rushtida.

Eksplosjonen skjedde berre mellom 150 og 200 meter frå bygningen som husar Hizbollahs politbyrå. Hizbollahs tv-stasjon Al-Manar trur likevel ikkje denne bygningen var målet for angrepet.

Bombeangrep i Beirut 2. januar 2014.

Ei såra kvinne blir boren bort etter bombeangrepet i Beirut torsdag ettermiddag.

Foto: Hussein Malla / Ap

Dagen etter arrestasjon

Ein fotograf frå AFP seier at minst tre butikkar i gata var fullstendig øydelagde etter eksplosjonen.

Ingen har teke på seg ansvaret for bombeangrepet, men det blir peikt på at eksplosjonen skjedde dagen etter at Majid Almajid vart arrestert. Almajid var leiar for ei si sunnimuslimsk terrorgruppe som har teke på seg ansvaret for angrepet mot den iranske ambassaden i Beirut 26. november.

Bombeangrep i Beirut 2. januar 2014.

Fleire titals bilar kom i brann etter eksplosjonen, som også gjorde stor skade på fleire bygningar.

Foto: - / Afp
Bombeangrep i Beirut 2. januar 2014.

Bilbomba som gjekk av i Beirut i ettermiddag var svært kraftig.

Foto: STRINGER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt