Hopp til innhold

Minst éin død etter at pickup køyrde inn i pride-parade

Ein person døydde då ein liten lastebil køyrde inn i folkemengda under ein pride-parade sør i Florida. Endå ein person skal vere i livsfare.

Bil kjørte inn i prideparade i Wilton Manors i Florida 19 juni 2021

Naudetatane strøymde til då ein lastebil køyrde på folk under prideparaden i Wilton Manors i Florida laurdag.

Foto: Chris Day / AP /NTB

Det var like før laurdagens pride-parade skulle starte i Wilton Manors, at ein pickup skjeina over vegen og køyrde inn i publikum, ifølgje Local10.

Politimannen Ali Adamson fortalde noko seinare til reporterar at politiet held alle moglegheiter opne.

– Så vidt eg veit, var det ei ulykke. Dette var ikkje eit angrep på LGBTQ-samfunnet. Vi ventar på fleire detaljar og ber om samfunnets kjærleik og støtte, sa Adamson.

Paraden avlyst

Ifølgje politiet er ein mann død, medan tilstanden er kritisk for ein annan. Ein tredje mann er venta å overleve, ifølgje Trantalis. Sjåføren er arrestert og sett i varetekt, men det er uklart om han er sikta for noko.

Både sjåføren og offera var medlemmer av eit lokalt kor for homofile menn, ifølgje ein utsegn frå korets leiar, Justin Knight.

Lastebil kjørte inn i pride-parade i Wilton Manors i Florida

Fleire skadde vart liggjande på gata etter angrepet.

Foto: JOEY SPEARS / Reuters / NTB

Paraden vart avlyst etter hendinga.

Bilen til den demokratiske kongressrepresentanten Debbie Wasserman Schultz, som var til stades ved paraden, heldt på å bli treft.

Ordførar Dean Trantalis i den nærliggjande byen Fort Lauderdale sa kort tid etter hendinga at han trudde påkøyrsla var gjort med overlegg og kalla det «eit terrorangrep mot LGBT-samfunnet» til South Florida Sun-Sentinel rett etter angrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt