– Den mistenkte, fødd i 2002, har blitt arrestert i nærleiken av byen Kragujevac, opplyser det serbiske innanriksdepartementet i eit utsegn, og seier ei etterforsking er i gang.
– Han er mistenkt for å ha drepe åtte menneske og skada 14 i løpet av natta.
Lokale medium skriv at sju av desse er i kritisk tilstand. Alle skal vere tilfeldige offer.
21-åringen som er mistenkt, skal ha krangla med vennane sine i ein skulegard seint torsdag kveld.
Deretter skal han ha forlate åstaden og kome tilbake med ein Kalasjnikov, melder avisa B92. Avisa Informer skriv at gjerningsmannen blei omringa, men nekta å overgi seg.
Ein politimann saman med lokale i landsbyen Dubona.
Foto: ANTONIO BRONIC / ReutersEin politimann saman med lokale i landsbyen Dubona.
Foto: ANTONIO BRONIC / ReutersHan skal så ha flykta frå staden i eit køyretøy medan han skaut mot ei folkemengd. Kringkastaren melder at ein politimann som ikkje var på jobb er blant dei drepne.
– Det er trist. Den unge politimannen er på alder med dotter mi, seier ein innbyggar i Dubona til Reuters.
– Vi fekk ikkje sove heile natta. Dei vaks opp saman.
Dei skadde er tekne til to lokale sjukehus, ifølge lokale medium. Helsedepartementet har slått alarm og ber folk som kan donere blod, om å stille opp.
Innanriksminister Bratislav Gasic kallar denne siste skytinga for ei «terrorhandling».
Innbyggarar snakkar saman på gata i Dubona.
Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFPInnbyggarar snakkar saman på gata i Dubona.
Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFPVil stramme inn våpenlov
Serbias president Aleksandar Vucic vil stramme inn våpenlovene i landet etter masseskytingene denne uka.
I alt 17 personer er drept i en skoleskyting og i en skuddveksling på åpen gate i Serbia de siste dagene. Nå skal 1200 politifolk ansettes for å trygge skolene.
Omfattande politisøk
Skytinga skal ha heldt fram gjennom tre landsbyar i området, melder statlege medium.
Vegane inn til landsbyane Malo Orasje og Dubona er sperra av. Eit vitne Reuters har snakka med fortel at politiet er til stades med store styrkar.
Kort tid før daggry blei bilar på vegen ut av landsbyen kontrollerte av tungt væpna politi, ifølge Reuters. Eit helikopter, dronar og fleire patruljar blei også sett i området.
Her leitar serbisk politi med helikopter nær landsbyen Malo Orasje.
Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFPHer leitar serbisk politi med helikopter nær landsbyen Malo Orasje.
Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP– Vi leiter etter han i dette området og tek alle forholdsreglar. Ei halvautomatisk rifle er ein alvorleg trugsel, sa ein av politibetjentane til byrået.
Fleire enn 600 politifolk er no involverte i søket. Blant dei er tenestepersonar frå antiterrorstyrken i Serbia (SAJ).
Andre skyteepisode på to dagar
Skytinga skjer to dagar etter den verste skuleskytinga i serbisk historie, der ein 13-åring drap åtte elevar og ei tryggingsvakt i Beograd.
Valden førte til at den serbiske regjeringa vedtok innstramming av våpenkontrollen. Dei neste to åra blir det ikkje gitt ut nye våpenløyve, ein gjennomgang av eksisterande løyver og kontroll av korleis våpen blir lagra.
Det er mange serbarar som eig våpen, men det er svært sjeldan med slike masseskytingar.
Folk har lagt ned blomar framfor skulen i Beograd der den første skytinga skjedde onsdag.
Foto: Darko Vojinovic / APFolk har lagt ned blomar framfor skulen i Beograd der den første skytinga skjedde onsdag.
Foto: Darko Vojinovic / APPresident Aleksandar Vucic kalla skytinga onsdag ein av dei vanskelegaste dagane i landet på lang tid.
– Våre djupaste kondolansar til alle som mista sine kjære i den tragiske skytinga på ein barneskule i Beograd, skriv norsk UD i eit utsegn.
– Tankane våre går til dei skadde og dei som er råka av denne meiningslause tragedien. Noreg står saman med folket i Serbia i denne vanskelege tida.
Fredag startar landet i Balkan ei tre dagar lang sørgjeperiode, etter ein vake torsdag kveld med fleire hundre barn til stades på skulen der skytinga skjedde.
Ei gruppe ungdomsskulelærarar demonstrerte på åstaden torsdag, for å også krevje strengare tryggingstiltak og betring av skulesystemet, ifølge Reuters.