Hopp til innhold

Minst 63 drepne i Afghanistan

To brutale sjølvmordsangrep mot både sunni og sjiamuslimar midt under fredagsbøna, skakar Afghanistan.

AFGHANISTAN-UNREST-ATTACK

ANGREP. Politiet vaktar ein sjiamoske 29 september etter eit sjølvmordsangrep der seks personar vart drepne. Angriparen hadde kledd seg ut som gjetar. Sjiamoskear er mål for sunnimuslimske valdelege islamistar.

Foto: NOORULLAH SHIRZADA / AFP

Det har i kveld vore to angrep på sjiamuslimar under fredagsbøna i Afghanistan.

Det eine angrepet skjedde ved Imam Zaman moskeen i hovudstaden Kabul, midt under fredagsbøna.

Angriparen kom til fots og tok seg inn i moskeen, der han opna eld med eit gevær, og detonerte sprengstoffet han hadde med seg, skriv Al Jazeera.

I Kabul fortel ein tilsett ved innanriksdepartementet seier til nyheitsbyrået Associated Press at minst 30 er drepne og 45 er såra etter angrepet.

Dødstala er venta å stige, seier ein talsmann til helsedepartementet.

Laster Twitter-innhold

Angrep nummer to

Skjedde i ein sunniuslimsk moske i den sentrale provinsen Ghor. Minst 33 personar skal vere drepne av ein sjølvmordsbombar i den urolege regionen, melder nyheitsbyråa, men lokale afghanske medium hevdar dødstala er meir omfattande.

Laster Twitter-innhold

Ingen har enno teke på seg skulda for angrepa, men ytterleggåande islamistiske organisasjonen IS, har angripe fleire sjiamoskear i Afghanistan i det siste, skriv BBC.

Mange angrep dei siste dagane

Fleire store terrorangrep har skaka Afghanistan nyleg, og minst 135 afghanske politi og militære har blitt drepne.

Tysdag vart minst 80 politifolk drepne og 300 såra i to sjølvmordsangrep Sør-Aust i landet. Dagen etter vart minst tolv politimenn drepne i provinsane Farah og Balkh.

Torsdag vart 43 soldatar drepne i eit Taliban-angrep mot ein militærbase i Maiwand-distriktet i Kandahar-provinsen.

Vil forhandle med Taliban

USA vil gjere alt for å bringe Taliban til forhandlingsbordet i Afghanistan, sa CIA-sjef Mike Pompeo torsdag.

Men da treng han hjelp av nabolandet Pakistan, for å hindre at islamistar får ei trygg hamn der.

– Men historia viser at ein ikkje bør ha alt for høge forhåpningar til at Pakistan vil samarbeide i kampen mot radikal, islamistisk terrorisme, la Pompeo til.

SISTE NYTT

Siste nytt