Hopp til innhold

Minst 90 drepne av bilbombe i Somalia

Minst 90 personar er drepne og meir enn 100 er såra etter at ei bilbombe eksploderte i den somaliske hovudstaden Mogadishu laurdag.

Eksplosjonen skjedde ved kontrollpost utanfor eit skattekontor i ei travel gate i Mogadishu laurdag. Det var truleg ein lastebil som blei sprengt. Minst 90 personar er drepne, ifølgje Reuters.

– Dette er ein dyster dag, seier augevitnet Ahmed Moalim Warsame til AFP.

Ødelegginger etter bilbombe i Somalia

Bilbomba gjorde store øydeleggingar i den somaliske Mogadishu laurdag morgon. Gata der angrepet skjedde er trafikkert på grunn av kontrollposten der eksplosjonen skjedde.

Foto: Farah Abdi Warsameh / AP

Dødstala kan kome til å stige

Ordførar Omar Mohamud Mohamed sa på ein pressekonferanse at mange av dei drepne var studentar som var på veg til undervisning ved universitetet.

– Vi skal kome med det nøyaktige talet på døde seinare. Dei fleste av dei døde er uskuldige studentar og andre sivile, sa han.

Over 100 personar er til no sende til sjukehus med skadar etter angrepet, og dødstala kjem truleg til å stige, seier ein talsmann for regjeringa.

Mange pårørande har samla seg ved sjukehuset for å få informasjon om dei omkomne og skadde, melder Reuters.

Skadde blir fraktet til sykehus i Mogadishu etter bilbombe i Somalia.

Skadde blir frakta til sjukehus i Mogadishu. Det er venta at dødstala skal stige i det som er eitt av dei dødelegaste angrepa i den somaliske hovudstaden på fleire år.

Foto: ABDIRAZAK HUSSEIN FARAH / AFP

Uvisst kven som står bak

Ingen har førebels teke på seg skulda for angrepet. Men den Al Qaida-tilknytte, ytterleggåande islamistgruppa al-Shabaab har ofte stått bak liknande angrep i Somalia for å ramme styresmaktene i landet.

Dei har også utført fleire angrep i blant anna Kenya og Uganda.

Al-Shabaab blei drivne ut av Mogadishu i 2011, men kontrollerer framleis område utanfor byen, og har halde fram med å utføre angrep mot kontrollpostar og hotell i hovudstaden.

Lastebil frakter vraket av bil brukt i et bombeangrep i Somalia.

Ein lastebil fraktar bort vraket av bilen som blei brukt i det som truleg var eit sjølvmordsangrep.

Foto: Farah Abdi Warsameh / AP

Terroraksjonen laurdag er eitt av dei dødelegaste angrepa i Mogadishu dei siste åra. Fleire vitne seier til nyheitsbyrået AP at angrepet liknar lastebilbomba som tok livet av over 500 personar i Mogadishu i 2017.

Mange la skulda for angrepet i 2017 på al-Shabaab, men gruppa har aldri vedgått at det var dei som stod bak.

SISTE NYTT

Siste nytt