Talet på døde kan kome til å stige, seier direktøren ved Shula-sjukehuset i Bagdad.
Angrepet skjedde i det sjia-dominerte nabolaget Shula i Bagdad, det siste av fleire bombeangrep mot sjiamuslimar i Irak den siste tida.
I tillegg er fem personar drepne i ulike bombeangrep rundt om i byen. Til saman 53 drepne i dag er det høgste dødstalet på ein dag sidan 2. november 2010.
Over 100 menneske er drepne i liknande angrep dei to siste vekene.
Valdsbølgja set press på den sjiamuslimske statsministeren Nuri al-Maraki, som nyleg vart gjeninnsett i posisjonen etter lang tids trautrekking mellom dei ulike grupperingane i Irak.
Dei mange bombeangrepa er også med på å øydeleggje tilliten til det irakiske forsvaret, som har teke over tryggingsansvaret i store delar av landet etter at USA trekte sine soldatar ut.
Det braut ut gatekampar i Shula-området etter angepet i dag, melder nyheitsbyrået Reuters. Folk retta sinnet sitt mot tryggingsstyrkane, og det var skotveksling mellom politiet og lokale innbyggjarar. Det er uklart om nokon vart skadd i skytinga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skadene i Shula-distriktet i Bagdad er store etter torsdagens bombeangrep.
Foto: Saad Shalash / REUTERS- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: