Hopp til innhold

Minst 44 menneske drukna på veg frå Tyrkia

To båtar med migrantar har kantra utanfor kysten av Tyrkia. Minst 44 personar, blant dei minst åtte barn, har mista livet.

Overlevende Hellas, Kalymnos

Overlevande etter forliset forsøker å halde varmen.

Foto: Giorgos Drosos / Ap

Ein trebåt med 48 menneske om bord kantra utanfor den greske øya Farmakonissi, like utanfor kysten i Tyrkia i morgontimane fredag. Åtte migrantar, blant dei åtte barn, drukna.

– 40 personar klarte å svømme i land, opplyser ein talsmann for den greske kystvakta.

Ein annan båt gjekk også ned og den greske kystvakta har henta opp til saman 74 overlevande.

Ifølge det tyrkiske nyheitsbyrået Dogan har den tyrkiske kystvakta også funne tre born omkomne etter at båten deira sank utanfor feriebyen Didim.

Helikopter søker overlevande

Kystvakta trur fleire kan ha overlevd båtforlisa, og det er sett i gong ein redningsaksjon. Eit helikopter og fleire båtar er med i redningsaksjonen.

Lokale fiskefartøy deltek også i søket.

Hittil i år har minst 113 miste livet i Egeerhavet, ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Kalymnos og Farmakonisi

SISTE NYTT

Siste nytt