Ei n irakisk soldat på åstaden der tre bomber tok livet av minst 43 menneske i dag. (Foto: AFP/Scanpix)
Minst 76 menneske er skadde, opplyser ei kjelde i det irakiske innanriksdepartementet til AFP. Det er truleg snakk om tre sjølvmordsaksjonar.
To bilar gjekk i lufta på busstasjonen Al Nahda like før klokka seks norsk tid i dag tidleg. Det vart meldt om mange drepne og skadde i desse angrepa.
Etter at ambulansar og hjelpearbeidarar kom til, køyrde ein ny bil lasta med sprengstoff inn i inngangen til eit sjukehus like ved busstasjonen. Mange av dei skadde vart tekne til nettopp dette sjukehuset.
Augevitne fortel at den tredje bomba var retta direkte mot politi- og ambulansefolk som kom til staden etter dei to første bombene.
Bombeangrepet skjer etter at det ikkje har vore større bombeangrep i Bagdad den siste veka. Leiarar for dei rivaliserande reiligiøse og etniske grupper i landet har i fleire veker arbeidd for å blir samde om ei ny grunnlov for Irak. Dei har ikkje greidd å kome fram til eit kompromiss.
I ei anna hending i Irak i dag er 11 irakarar, av dei seks soldatar, drepne av opprørarar i eit angrep på ein oljeleidning.
Fleire andre menneske er drepne i angrep ulike stader i landet i løpet av natta og føremiddagen.
Fire arrestert
Fire menn vart arrestert i ettermiddag mistenkt for å stå bak dei tre sjølvmordsbombene i Bagdad i dag, melder ein statleg irakisk tv-kanal.
1.100 døde i juli
I dag offentleggjorde også likhuset i Bagdad sørgelege tal. I juli månad tok likhuset imot 1.100 døde sivile.
Tala for juli er dei høgaste som nokon gong er registrert ved det medisinske instituttet i Bagdad, seier eit medlem av ledelsen ved likhuset til den britiske avisa The Independent.
Ein fortvila irakisk mann i ruinane av det som var ein bygning. (Foto: AFP/Scanpix)