Hopp til innhold

Minst 35 drepne av bomber i Irak

Minst 35 menneske er drepne i det som verkar som koordinerte bombeeksplosjonar fleire stader i Irak i dag. Valdsbruken i Irak er no den verste på fleire år.

Bombeangrep i Irak.

Fleire byar i Irak vart ramma av dødelege angrep i dag. Her frå ein bilbombeeksplosjon i Nasiriyah nord for Bagdad.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Over 100 menenske er såra i angrepa. Dei dødelegaste angrepa var i byen HIlla, der to bilar gjekk i lufta samstundes like ved ein travel marknadsplass. Ein tredje bil vart sprengt nokre hundre meter unna, og i alt 11 menneske vart drepne i desse eksplosjonane.

Fann sonen i blodpøl

Bombeeksplosjon i Basra.

Også i Basra i det sørlege Irak har det vore bombeeksplosjonar i dag.

Foto: Nabil al-Jurani / Ap

Abu Ahmed eig ein matvarebutikk like ved eksplosjonsstaden. Han var gått til ein restaurant for å ete frukost då eksplosjonen skjedde, medan sonen hans skulle passe butikken.

– Eg høyrde ein kraftig eksplosjon, og eg sprang tilbake til butikken. Der fann eg sonen min i ein blodpøl på golvet saman med fleire andre døde. Det er ikkje spor igjen av butikken, seier han til nyheitsbyrået Reuters

Det har også vore dødelege angrep Bagdad, Nasiriyah, Kerbala og Basra. I hovudsak er det sjiamuslimske område som er ramma.

Angrep på politikar

Bilkolonnen til viseborgarmeisteren i Bagdad vart ramma av ein kraftig eksplosjon. Viseborgarmeisteren overlevde angrepet, men tre av livvaktene hans vart drepne. To andre vart drepne i eit angrep i eit butikkområde like ved.

Valdsbruken i Irak har auka sterkt dei siste månadene. Berre i august vart 800 menneske drepne. Valden er den verste sidan borgarkrigen i 2006 og 2007, då det ikkje var uvanleg med opp til 3000 drepne i løpet av ein månad.

LES OGSÅ: Nye trusler fra Al Qaida-lederen

LES OGSÅ: Mange drepne i bombehelvete i Bagdad i kveld

SISTE NYTT

Siste nytt