NRK Meny
Normal

Minst 26 drepne i angrep på universitet i Nigeria

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 26 studentar er drepne i eit angrep mot eit universitet i byen Mubi i det nordaustlege Nigeria i dag. Det er uklart kven som står bak angrepet.

Politiet opplyser i kveld at dei 26 drepne alle blei ropte opp med namn før dei vart skotne. Dette gjer at politiet no mistenkjer medstudentar for å ha stått bak angrepet, sjølv om dei ikkje kan sjå bort frå at den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram kan stå bak.

Namneopprop

Denne organisasjonen har også tidlegare gått til angrep på studentar i Adamawa-delstaten.

– Ei gruppe væpna menn storma studentheimen. Dei ropte opp studentane ved namn i kvart hus dei gjekk inn i. Straks studentane hadde gitt seg til kjenne, vart dei skotne. Nokre fekk også strupane skorne over, seier polititalsmann Mohammed Ibrahim til nyheitsbyrået AFP.

Angrepet skjedde seint måndag kveld ved Det føderale polytekniske universitetet i Mubi i det nordaustlege Nigeria.

Uro på universitetsområdet

Søndag var det val på studentråd ved universitetet, og det skal ha vore strid om resultatet. I løpet av helga var det fleire gonger uro på universitetsområdet, og politiet arresterte fleire studentar og tok beslag i våpen.

Polititalsmannen seier at alt tyder på at drapsmannen kjende offera sine, og han meiner det ber alle kjenneteikn på å vere ein «inside job», eit internt oppgjer.

Andre igjen tvilar på denne teorien fordi konflikten mellom studentane ikkje var så alvorleg at det skulle få så fatale konsekvensar. Den nigerianske hæren gjennomførde nyleg ein storaksjon mot Boko Haram i nettopp Mubi, der ein sentral leiar i organisasjonen vart drepen og 156 mistenkte medlemer vart arresterte.

LES OGSÅ: Boko Haram vil ta konene til nigerianske leiarar

LES OGSÅ: 1000 kvinner nekta tilgjenge fordi dei manglar mannleg følgje

LES OGSÅ: Den tause terroristen i Nigeria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt