Hopp til innhold

Minst 25 drepne i busstasjon-åtak

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 25 menneske er drepne i fem eksplosjonar på ein busstasjon i byen Kano i Nigeria måndag.

Dødstala vil truleg stiga, ifølgje ei kjelde i redningsmannskapet til nyheitsbyrået AFP.

– Talet på døde er ikkje endeleg fordi redningsarbeidet framleis held på. Det kan stiga, seier den anonyme kjelda.

Blodig kaos

Buss-stasjonen New Road var hovudsakleg nytta av passasjerar på veg sørover til den kristelege delen av landet.

– Etter eksplosjonane velta det ut store skyer med svart røyk. Det oppstod kaos og folk sprang rundt med blodige klede, fortel mekanikaren Tunde Kazeem som jobbar på stasjonen til AFP.

Byen har ei rekkje gonger blitt angripen av den islamistiske opprørsgruppa Boko Haram, som har drepe mange hundre menneske nord i Nigeria dei siste åra.

Seinast i januar blei den same busstasjonen angripen. Mange blei såra i eksplosjonen, som Boko Haram blei skulda for å stå bak.

SISTE NYTT

Siste nytt