Hopp til innhold

Minst 180 fanga på hotell i eit tre dagar langt angrep i Mosambik

Minst 180 personar, fleire av dei utanlandske arbeidarar, er stengde inne på eit hotell nord i Mosambik etter at islamistar gjekk til åtak. 21 skal vere drepne.

Hotell Amarula i Palma i Mosambik

180 menneske har søkt tilflukt i hotell Amarula som ligg i byen Palma, heilt nord i Mosambik. Bildet er frå hotellet si heimeside og er tatt før åtaket.

Foto: Hotellet si heimeside

Det innestengde arbeidarane fortel at militæret i Mosambik prøver å evakuere dei frå byen, som ligg nær eit stort gassanlegg på Afungi-halvøya i provinsen Cabo Delgado.

Ifølgje den lokale nyheitsnettstaden Pinnacle News skal minst 21 soldatar og mange sivile vere drepne i angrepet. Talet er ikkje stadfesta av andre kjeldar.

Ny terrorgruppe

– Nesten heile byen er øydelagd. Mange er døde, sa ein av dei som jobbar på gassanlegget fredag kveld.

Human Rights Watch seier at angriparane høyrer til ei gruppe kjent som Al-Shabab, som ikke har nokon kjend tilknytning til gruppa med same namn som opererer i Somalia.

– Fleire vitne seier til Human Rights Watch at dei så lik i gatene og innbyggjarar som flykta etter at Al-Shabab skaut vilkårleg mot folk og bygningar, seier menneskerettisgruuppa i ei fråsegn.

Den sørafrikanske nyheitsnettstaden News24 melder at en sørafrikansk borgar er blant dei drepne.

Det har òg komme ubekrefta meldingar om kapring av to fartøy utanfor Palma.

Militante islamistar

Militante islamistar starta angrepet mot kystbyen onsdag ettermiddag. Innbyggjarar flykta inn i eit skogsområde, og arbeidarane søkte tilflukt på Hotel Amarula.

Styresmaktene har bekrefta åtaket og seier at soldatar er sende til området for kjempe mot angriparane.

Ein annan innestengd arbeider, som jobbar for ein underleverandør til den franske olje- og gassgiganten Total, seier at eit helikopter flaug over hotellet for å prøve å finne ein trygg måte å evakuere arbeidarane på.

Tusenvis drivne på flukt

Total har investert store beløp i utvinning av naturgass i Cabo Delgado, men evakuerte tidlegare i år fleire tusen tilsette på grunn av mangel på tryggleik.

Total er den største eigaen av det som er det største gassprosjektet i Afrika. Seks andre internasjonale selskaper, inkludert ExxonMobil, har og prosjekt i området.

Militante islamistar som sver truskap til den ytterleggåande islamistgruppa IS, har og tidlegare angripe landsbyar og byar i provinsen og tvinga nærare 700.000 på flukt.

Minst 2600 menneske er drepne i valdshandlingar i området, ifølgje oversikta til Armed Conflict Location and Event Data (ACLED).

Palma ligg heilt nord i Mosambik, nær grensa til Tanzania.

SISTE NYTT

Siste nytt