Hopp til innhold

18 drepne av bomber i Somalia

Minst 18 menneskeliv har gått tapt i morgontimane laurdag etter at to bomber råka Somalias hovudstad Mogadishu, ifølgje nyheitsbyrået Ap.

SOMALIA-BLASTS/ A Somali soldier walks past destroyed vehicles at the scene of a suicide car bombing near a restaurant in Mogadishu

Ein somalisk politimann undersøker vraka etter bilbomba som drap 18 personar i Mogadishu laurdag morgon.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Ei bilbombe og ein sjølvmordsbombar råka ein populær restaurant i Mogadishu, og minst 18 personar skal vere drepne, seier somalisk politi.

Bombene skal ha gått av i nærleiken av regjeringa sine lokale, og restauranten som er angripe har ofte politikarar på gjestelista. I fjor gjekk det også av to bomber i den same restauranten, og politiet har no råda folk til å ikkje halde seg i området rundt restauranten i frykt for nye angrep.

Vitne på staden fortel at ei bilbombe først gjekk av ved inngangen til restauranten, før ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv inne i restauranten etter at folk hadde trekt inn i ly av den første bomba. Det er førebels ikkje klart kven som står bak angrepa.

Terrorgrupper som Al-Shabaab har lenge vore aktive i Somalia og bidratt til stor uro i landet, som har hatt store problem med å bygge ein stat sidan sjølvstende på 60-talet. Dei siste åra har det blitt meir fredeleg i Somalia, men det skjer framleis terroråtak i landet frå tid til annan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt