Hopp til innhold

Minst 17 drepne i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 17 personar vart drepne etter at om lag 100 demonstrantar storma ein politisperring i Peshawar i Pakistan.

Etter ein tre timar lang kamp vart to politifolk og 17 opprørarar drepne, opplyser politiet til Al Jazeera.

Motivet bak angrepet er truleg ein reaksjon på det pakistanske militæret sin offensiv mot opprørarane på grensa til Afghanistan.

Angrepet skjedde rundt midnatt lokal tid ved Sangu Mera-vaktposten i Peshawar.

Sangu Mera ligg rett ved grensa til Khyber-regionen, eit av områda der Taliban og andre opprørsgrupper held til.

På søndag blei minst ni drepne då to amerikanske droner angreip byen Mir Ali, 40 kilometer nord for Miranshah.

SISTE NYTT

Siste nytt