NRK Meny
Normal

Minst 17 drepne i angrep i Libya

Ei bilbombe eksploderte utanfor eit sjukehus i Benghazi i Libya.

LIBYA-BLAST/

Passerande tek bilete av bilvraket etter at eksplosjonen gjekk av utanfor eit sjukehus.

Foto: NTB Scanpix

I tillegg til dei minst 17 drepne skal minst 30 vere såra i angrepet. Tre barn skal vere blant dei drepne, opplyser forsvarsdepartementet i Libya.

Bilen som eksploderte sto på parkeringsplassen utanfor al-Jala-sjukehuset.

– Eg såg folk springe. Nokon av dei rydda likdelar, seier eit augevitne til Reuters.

Benghazi er byen der opprøret mot tidlegare diktator Gaddafi starta i februar 2011.

Denne videoen er blitt lagt ut på Facebook av nettsamfunnet OnlyLibya, og skal vise scener etter angrepet:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt