Hopp til innhold

Ny togtragedie i India

Minst 16 menneske mista livet då eit passasjertog køyrde inn i eit godstog i India tidleg måndag.

Video INDIA-TOGKRASJ-200910-WW_MXF_Innboks.MP4

Minst 16 omkom i kraftig togkollisjon i India.

Dei to toga kolliderte i nærleiken av Badarwas, 260 kilometer nord for Bhopal, i delstaten Madhya Pradesh.

Det var kraftig regnvêr og dårleg sikt då ulukka skjedde. Minst 50 menneske blei skadde og er sendt til sjukehus. For mange av dei er tilstanden kritisk.

Fryktar høgare dødstal

Ein talsmann frå jernbaneselskapet seier til nyheitsbyrået AP at godstoget var kome over i feil spor, og trefte passasjertoget i ein front-mot-front kollisjon.

Det dårlege veret gjer redningsarbeidet vanskeleg, ifølgje indisk politi. Det er varsla at dødstalet truleg vil verta høgare etterkvart som dei to togvraka vert gjennomsøkte.

I dårleg forfatning

Det er ikkje uvanleg med ulukker på Indias skranglete jernbanenettverk. Jernbanen i India er ein av verdas eldste, men manglar moderne signalvarsling og kommunikasjonssystem.

Fjernsynsbilete viser fleire vogner med store skader. Ei av vognene blei kasta opp frå jernbanesporet i den kraftige samanstøyten. Redningarbeidarar har i morgontimane teke i bruk blåselamper for å skjære seg gjennom stålet, melder AFP.

Fraktar 18 millionar dagleg

Trass i sterk konkurranse frå private flyselskap, er det statlege jernbanenettet i India framleis det mest brukte framkomstmiddelet for langdistanse-reising i landet. Kvar dag reiser 18,5 millionar menneske med tog i India, ifølgje AFP.

Kvart år skjer hundrevis av ulukker på jernbanen. Tidlegare i år har to alvorlege ulukker funne stad.

I mai omkom nærmare 150 menneske då eit høghastigheitstog på veg til Mumbai frå Kolkata svingte av sporet og kolliderte med eit godstog.

Sabotasje mot jernbanesporet skal då ha vore årsaka til den tragiske hendinga.

I juli blei meir enn 60 personar drepne og 165 skadde då eit ekspresstog smalt inn i eit stilleståande passasjertog i Vest-Bengal

Den verste ulukka i India skjedde i 1981, då eit tog rasa ned i ei elv aust i landet. Rundt 800 menneske omkom.


SISTE NYTT

Siste nytt