Hopp til innhold

Minst 14 drepne i hotellangrep i Mogadishu

Den islamistiske terrorgruppa Al Shabaab gjekk i kveld til angrep på eit hotell i sentrum av den somaliske hovudstaden Mogadishu. Minst 14 menneske er drepne, ifølgje politiet.

Såret mann etter hotellangrep i Mogadishu.

Ein såra mann blir hjelpt bort under angrepet mot eit hotell i Mogadishu i Somalia i kveld.

Foto: MOHAMED ABDIWAHAB / Afp

Ein politimann opplyser til nyheitsbyrået Reuters at ei bilbombe først gjekk av ved inngangen til ein park i tilknyting til hotellet. Så gjekk det av ei bombe ved inngangen til hotellet, og at væpna menn deretter tok seg inn i bygningen. Ifølgje politiet greidde fleire av gjestane på hotellet å flykte ut etter eksplosjonen.

– Ein sjølvmordsbombar køyrde bilen sin inn i inngangspartiet til SYL-hotellet. Så tok væpna menn seg forbi vaktene og inn i hotellet. Men dei kom seg ikkje forbi dei siste tryggingsbarrierane, seier kaptein Ibrahim Mohamed i Mogadishu-politiet til AFP.

Detonerte bilbombe

Terrorangrep i Mogadishu.

Ein mann sit på bakken etter at han vart såra under angrepet mot eit hotell i sentrum av Mogadishu i kveld.

Foto: MOHAMED ABDIWAHAB / Afp

Han seier at ni sivile og fem angriparar er drepne i angrepet på hotellet. Ibrahim Mohamed forsikrar at tryggingsstyrkane slo angriparane tilbake, og at angrepet no er over.

Ein talsmann for Al Shabaab stadfestar at dei har detonert ei bilbombe og deretter storma eit hotell. Det er kampar inne i hotellet, seier talsmannen. BBC siterer ei kjelde i Al Shabaab på at dei har teke kontroll over hotellet.

Hotellet som er under angrep er Somali Youth Hotel, kjent som SYL Hotel. Dette hotellet vart ramma av ein sjølvmordsaksjon 22. januar i fjor under førebuingane til eit besøk av Tyrkias president Erdogan. Hotellet ligg like overfor det somaliske presidentpalasset, og det er kjent for å ha godt vakthald.

Populært blant utlendingar

Hotellet er mykje brukt at politikarar, offentlege tenestemenn og somaliske og utanlandske forretningsfolk.

Al Shabaab gjennomfører ofte angrep på fredagar etter fredagsbøna. Det er fridag og alltid mykje folk ute.

somalia

20 drept i angrep på restauranter i Somalia

Somalia-ekspert: Al-Shabaab vil angripe freden

Her flyr passasjerflyet med stort hull i flykroppen etter eksplosjon

SISTE NYTT

Siste nytt