Hopp til innhold

Minst 13 drepne sørvest i Pakistan

Minst 13 menneske er drepne i eit bussåtak mot sjiamuslimar sørvest i Pakistan.

Angrep mot buss sørvest i Pakistan 4.10.2011

Minst 13 menneske vart drepne i åtak på ein buss i Baluchistan sørvest i Pakistan.

Foto: BANARAS KHAN / Afp

Politiet stadfestar at minst 13 menneske vart drepne og seks skadde i åtaket som skjedde i provinsen Baluchistan sørvest i Pakistan. Åtaket skjedde tysdag morgon, melder nyheitsbyrået AFP.

Alle ombord på bussen var sjia-muslimar.

– Om bord på bussen var det mest folk frå Hazarer-samfunnet som hadde returnert frå Quetta, seier ein polititalsmann til Reuters.

Bussen vart angripen utanfor byen Quetta, som er hovudstaden i den olje- og gassrike provinsen Baluchistan.

Ingen har så langt tatt på seg skulda for det dødelege åtaket. Regionen har vore herja av mykje vald etter at amerikanske styrker tok livet av Al Qaida-leiaren Osama bin Laden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt