Hopp til innhold

Minst 120 jordskjelvoffer redda

Minst 120 menneske er redda ut av jordskjelv-ruinane i byen Christchurch på New Zealand. Men over hundre personar er framleis sakna i det klokka er over midnatt lokal tid.

I det klokka tikka mot midnatt i New Zealand, kom borgarmeisteren i den jordskjelvråka byen Christchurch med gode nyheiter.

– Eg har fått informasjon frå redningsarbeidarane om at 120 personar som var nedgrovne i ruinar eller innesperra i høge bygningar, er redda ut i live, seier borgarmeister Bob Parker til nyheitsbyrået AP.

Minst hundre framleis sakna

Minst 65 personar er døde og 200 var frykta fanga i samanraste blokker og hus etter jordskjelvet som rysta New Zealand tysdag like før klokka 12 lokal tid.

Ein ni månader gammal baby er blant dei omkomne, melder radiostasjonen Newstalk ZB.

Ifølgje AFP er det 80 år sidan New Zealand sist opplevde eit skjelv med så høge dødstal.

– Midt oppi kaoset og tragedien er det ei lukke å høyra at 120 av dei sakna no er i sikkerheit, fortel Parker.

Må leita i mørket

Tidsforskjelen mellom New Zealand og Noreg er på 11 timar. Dermed har mørket for lengst seinka seg over øystaten i det sørvestlege Stillehavet. Det komplisererer arbeidet med å finna dei hundre som framleis er nedgrovne eller sit fast.

Statsminister John Key fryktar at dødstala vil stiga, og seier dette kan bli den mørkaste dagen i New Zealand si historie.

Over fem hundre politfolk, brannmenn, redningsarbeidarar og frivillige arbeider no på spreng for at ikkje fleire liv skal gå tapt som følgje av katastrofen.

Får bistand i natt

Ifølgje overbetjent Dave Cliff er 200 ekstra politifolk og eit tilsvarande tal brannmenn og leitemannskap frå heile landet no på veg til byen for å bistå i leitinga.

– Dei blir transporterte hit med fly eller i bilar. Me skal halda fram med redningsarbeidet natta gjennom for å få laus dei som er fanga så snart som det er menneskeleg mogleg å få det til.

Mørket er ikkje det einaste som har gjort redningsarbeidet vanskeleg. Eit 20-tals etterskjelv og regn har forverra situasjonen. I tillegg er framkomsten til lands redusert på grunn av sprokne og knuste vegar og ruinhaugar som blokkerer.

Tusen heimlause

Meir enn tusen personar er i tillegg heimlause. Det er 12 grader og regn i området i natt, og Frelsesarmeen fortel til Newstalk ZB at dei gjer alt dei berre maktar for å skaffa tak over hovudet til dei evakuerte.

Teleselskapet Telecom opplyser at dei i natt opnar for gratis samtalar til både lokale og nasjonale telefonsamtalar frå 300 telefonkioskar i og rundt Christchurch.

Ingen nordmenn er førebels sakna etter skjelvet, opplyser det norske Utanriksdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt