Hopp til innhold

Minst 115 omkom ved indisk tempel

Minst 115 menneske omkom då det oppstod panikk ved ein hinduistisk heilagdom i den indiske delstaten Madhya Pradesh i dag. Over 100 andre er skadde.

Mange omkom på indisk hindufestval.

Minst 91 menneske omkom i panikken som oppstod på ei bru like ved ein hinduistisk heilagdom.

Foto: EBU

Opp til 500.000 pilegrimar var samla ved tempelet Ratangarh, som ligg rundt 60 kilometer frå byen Datia, for å delta i ein stor religiøs festival. Politiet opplyser til BBC at det oppstod panikk då pilegrimane skulle krysse ei bru over elva Sindh, like ved heilagdomen.

Panikk på brua

– 115 menneske er stadfesta omkomne, og vi har registrert 110 skadde, seier visepolitisjefen i distriktet, general D.K. Arya til AFP måndag føremiddag.

Han fortel at det oppstod panikk då at ein traktor ved eit uhell køyrde inn i brua. Det byrja å gå rykte om at brua var i ferd med å kollapse, og folk byrja å springe for å kome seg over.

Dei fleste av dei omkomne vart trampa i hel i panikken. Det er frykt for at mange av dei som fall i elva, ikkje har greidd å kome seg på land.

Ikkje stadfesta kjelder seier at så mange som 20.000 menneske var på brua då panikken oppstod.

Mange omkom etter panikk på bru.

Det var på denne brua katastrofen skjedde tidlegare i dag.

Foto: STRDEL / Afp

Avviser køllebruk

Den indiske fjernsynsstasjonen NDTV melder at situasjonen utvikla seg til det verre då politiet brukte køller for å prøve å roe ned folkemengda. Visepolitisjefen avviser på si side at det var brukt køller.

Hinduane feirar i desse dagar slutten på det store Navarati-festivalen, ein fest til ære for den hinduistiske guden Durga. Fleire millionar pilegrimar deltek i denne markeringa kvart år.

Hinduistiske festivalar i India har også fleire gonger tidlegare vore åstad for panikkutbrot som har ført til at mange har blitt trampa i hel. I 2008 omkom minst 220 menneske etter at oppstod panikk ved Chamunda Devi-tempelet i Jodhpur.

SISTE NYTT

Siste nytt