Hopp til innhold

Minister krev at Lieberman går av

Minoritetsminister i Israel Avishai Braverman krev at kollega utanriksminister Avigdor Lieberman går av etter at han sa ein fredsavtale er umogleg å nå innan eitt år.

Utanriksminister i Israel Avgidor Lieberman

Utanriksminister i Israel Avgidor Lieberman trur ikkje på fred i Israel. No krev ein kollega at han går av.

Foto: Petros Karadjias / Ap

Lieberman sa i helga at han reknar det som umogleg for denne generasjonen å oppnå fred. Dette sa han i eit partimøte i det nasjonalistiske partiet Yisrael Beiteinu.

I dag gjentok han ifølgje nyheitsbyrået AFP kommentarane i eit intervju og sa at partiet kjem til å blokkere alle forsøk på å forlenge eit mellombels byggjeforbodet på Vestbreidda.

Ein del av den største jødiske busetnaden på Vestbreidda

Ein del av den største jødiske busetnaden på Vestbreidda som kan vere med å velte heile fredsprosessen i Midtausten.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

Les også: Israel - grensene og bosettingene

Trur ikkje på avtale

Lieberman sa i intervjuet i dag at han er villeg til å gje fredsproesessen ein sjanse, men han sa samtidig at han ikkje har stor tru på at samtalane skal føre fram til ein varig avtale.

Kollega Braverman seier til militærradioen i Israel at det er ufatteleg at Lieberman, som har som jobb å presentere israelsk politikk ut i verda, ikkje har tru på fredssamtalane, og i tillegg snakkar nedsettande om dei.

Les også: Clinton: – Siste sjanse for fred i Midtøsten

Fryktar kollaps

Forbodet mot oppføring av nye busetnader på Vestbreidda utanom Aust-Jerusalem sluttar å gjelde 26. september.

Dette spørsmålet er eitt av dei mest sentrale punkta i fredssamtalane, og mange fryktar at samtalane vil kollapse allereie i starten om forbodet ikkje blir forlenga.

Kommentar: Kan de lykkes denne gangen?

I dag er det sesongpremiære på Urix klokka 22.10. Tema er fredsprosessen i Midtausten.

SISTE NYTT

Siste nytt