Milliondryss over spansk småby

1800 menneske deler toppgevinsten i det spanske gigantlotteriet El Gordo. I småbyen Grañén nord i landet har talet på millionærar mangedobla seg.

Glede over toppgevinsten i småbyen Granen

Innbyggjarar i småbyen Grañén har opna ei flaske med cava for å feire toppgevinsten.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap
Bent Tanstad
Journalist
Glade tilhengjarar av regjeringspartiet PP feirar gevinsten.

Glade tilhengjarar av den spanske statsministeren feirar gevinsten.

Foto: HEINO KALIS / Reuters

Verdal i Nord-Trøndelag har blitt symbolet på Lotto-millionærar her i landet. Men verdalingane må finne seg i å bli stilte i skuggen av dei 2000 innbyggjarane i byen Grañén i den nordlege spanske regionen Aragon.

1800 deler toppgevinsten

Systemet med El Gordo er at lodda er så dyre at kvart lodd blir splitta opp i 1800 dellodd. Loddnummer 58268 gjekk inn med toppgevinsten. Den samla premiesummen i El Gordo, som betyr «Den Feite», er på 2,5 milliardar euro, rundt 20 milliardar norske kroner.

Dei aller fleste dellodda til vinnarloddet er selde i Grañén og nabobyen Sodeto, slik at det truleg no er svært mange nybakte millionærar i dei to småbyane. Kvart dellodd får ein premiesum på 400.000 euro, rundt 3,2 millionar norske kroner.

To av El Gordo-vinnarane i Granen.

To glade vinnarar i småbyen Grañén nord i Spania.

Foto: JAVIER BELVER / Afp

Og det er pengar som kjem godt med i det kriseramma Spania, der arbeidsløysa nasjonalt er på over 20 prosent. Blant ungdom er arbeidsløysa over 30 prosent.

Song og dansa i gatene

Folk i Grañén og Sodeto gjekk i glesdestog i gatene i dag for å feire millionane som har hamna hos innbyggjarane. Folk drakk cava og song medan dei dansa gjennom gatene

Det er også ei av årsakene til at så mange spanjolar har kjøpt lodd i El Gordo i år, og det har gjort at premiesummen er ekstra høg. Mange har sett håpet sitt til at ein gevinst i det tradisjonsrike statlege lotteriet skulle berge jula for dei.

Vinnarloddet kom frå El Gordo-kontoret i Granen.

Vinnarloddet kom frå El Gordo-kontoret i Grañén. Figuren i forgrunnen er maskoten til lotteriet.

Foto: JAVIER BELVER / Afp

Men som det er i alle lotteri, så er det langt fleire som ikkje vinn enn dei som får nokre ekstra kroner til jul. Men det var likevel gledestog i mange andre spanske byar i dag, for El Gordo har ein profil som gjer at det er mange gevinstar, både store og små.

Gammal tradisjon

El Gordo er ein del av ein gammal tradisjon i Spania. Det første landsomfattande lotteriet starta alt i 1763 under namnet «Det kongelege lotteriet», og inntektene gjekk til sjukehus og andre sosiale tiltak for innbyggjarane.

Det vart avløyst av «Det nasjonale lotteriet» i 1812, og El Gordo er ein direkte etterfølgjar av dette. Det er trekninga eit par dagar før julaftan kvart år, og fleire millionar spanjolar følgjer trekninga direkte på fjernsynet kvart år.

Enorm glede over gevinsten i Granen.

Det var store gledesscener i småbyen Grañén i dag.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap

I

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt