Dei største demonstrasjonane var etter alt å døme i Europa, der talet på deltakarar fleire stader låg over ein halv million.
Massemobiliseringa mot krig var planlagd lenge i førevegen, men fall i tid saman med at USA på fredagen lei eit tilbakeslag i Tryggingsrådet i FN.
Berre to av dei 15 rådsmedlemene uttrykte der støtte til dei amerikanske planane om å bruke makt mot Irak for å avvæpne landet.
Nokre overslag går ut på at så mange som 10 millionar kan ha delteke i demonstrasjonane verda over denne helga, rapporterte telegrambyråa.
Roma, Berlin, London
I Berlin demonstrerte rundt ein halv million (Foto: Fabrizio Bensch-Reuters-Scanpix)
Den truleg største demonstrasjonen var i Roma, der talet på deltakarar blei kalkulert til mellom 1 og 3 millionar.
Arrangørene hevda at 3 millionar deltok, medan fjernsynskanalen TG-5, eigd av familien til statsminister Silvio Berlusconi, meinte talet var rundt 1 million.
5.000 politifolk var utkommanderte for å sørgje for ro og orden. Bak arrangementet stod over 400 organisasjonar og grupper.
Regjeringa til Berlusconi er ei av dei som for nokre veker sidan stilte seg bak eit opprop til støtte for USA i europeiske aviser.
I Berlin demonstrerte rundt ein halv million menneske med mellom andre presidenten i Forbundsdagen, Wolfgang Thierse, og to regjeringsmedlemer frå miljøpartiet Dei grøne som deltakarar.
- Denne krigen handlar berre om olje. George Bush har aldri brydd seg om menneskerettar, sa borgarmeisteren i London, Ken Livingstone, då han deltok på protestmøtet i byen.
Politiet meiner at mellom ein halv og ein million deltok i den største fredsdemonstrasjonen i Storbritannia nokon gang, men arrangørane hevda at 2 millionar britar demonstrerte mot Irak-krig.
Fleire titusen demonstrerte i andre byar.
Norden
Også i dei nordiske landa var det store demonstrasjonar mot krig.
Etter alt å døme var den største demonstrasjonen i Oslo med 60.000 deltakarar. I Sverige demonstrerte 35.000 i Stockholm, medan talet i Goteborg låg litt lågare.
Rundt 12.000 hadde funne vegen til ein demonstrasjon i den finske hovudstaden Helsingfors, og det blei arrangert demonstrasjonar i ei rekkje andre finske byar.
Politiet i København opplyser til telegrambyrået Ritzau at rundt 10.000 deltok i demonstrasjon mot krigen i den danske hovudstaden.
Det blei også demonstrert i Århus, Aalborg, Randers, Hjørring, Viborg, Struer, Silkeborg, Fredericia, Kolding og Esbjerg.
Asia
Frå demonstrasjonen i Canberra i Australia. (Foto: Kym Smith-Reuters-Scanpix)
Den verdsomspennande demonstrasjonsdagen byrja i Australia og Asia fredag kveld og natt til laurdag, norsk tid.
I den australske byen Melbourne gjekk 100.000 menneske i demonstrasjonstoget, og i Sydney, der dei venta til søndagen, deltok over 200.000, opplyste politiet.
Men arrangørane hevda at talet frå politiet var altfor lite.
Dei meinte demonstrasjonen var den største nokon gong i Australia, og at rundt ein halv million stilte opp.
Den australske regjeringa er ein sterk støttespelar for USA og Storbritannia, og planlegg å delta i ein eventuell krig med soldatar og utstyr.
Oppslutninga om demonstrasjonar og protestar i Asia var elles tydeleg mindre enn i Europa.
Rundt 10.000 demonstrerte i hovudstaden Beirut i Libanon med bilete av Saddam Hussein og franske og tyske flagg. Også i Kairo i Egypt og i Tel Aviv i Israel markerte folk motstand mot krig.
I den syriske hovudstaden Damaskus demonstrerte rundt 200.000.
I Bagdad og andre irakiske byar var også fleire millionar menneske i gatene i velregisserte førestellingar til støtte for regimet. Men journalistar på staden meinte at atskilleg færre deltok enn det styresmaktene oppgav.
USA
I New York innleia den sørafrikanske erkebiskopen og nobelprisvinnaren Desmond Tutu appellane på protestmøtet utanfor FN-bygningen.
- Fred, fred, fred. La Amerika høyre på resten av verda! Den seier: Gje inspektørene tid, sa Tutu til ei jublende menneskemengde på over 100.000.
Også songaren Harry Belafonte, skodespelaren Susan Sarandon og den demokratiske presidentkandidaten Al Sharpton heldt appellar.