Karol Wojtyla vart fødd og vaks opp i landsbyen Wadovice utanfor Krakow. Men det var i Krakow han budde i heile sitt vaksne liv før han vart utnemnd til pave i 1978.

Ein million menneske samla seg i Krakow. (Foto: AFP/Scanpix>)
Fleire millionar polakkar deltok i store utandørsmesser i dei fleste byane i landet, men det var Krakow som hadde størst tilstrøyming.
Så mange som ein million menneske samla seg på ein stor åker i utkanten av Krakow. Først var det friluftsmesse til minne om paven, før gravferda i Vatikanet vart vist på fleire storskjermar rundt om på området.
I hovudstaden Warzawa vart det avfyrt 26 rundar med salutt, ein for kvart år Karol Wojtyla var den øvste leiaren for den romerskkatolske kyrkja. Salutten vart avfyrt frå 10 kanonar ved grava til den ukjende soldat i sentrum av byen.
Det er erklært seks dagar med landesorg i Polen i samband med at paven har gått bort. Over heile landet hengd flagg og portrett av den polskfødde paven frå vindauge, bilar og bussar.
Fleire hundre tusen polakkar har også reist til Roma for å delta i gravferda der.

Paven hadde ei svært sterk stilling i Polen. Her sørgjer ein ung mann i Krakow. (Foto: AP/Scanpix)