Hopp til innhold

Milliardæren på veg til ISS

Det russiske romfartyet Sojuz 18S vart skote opp frå Kasakhstan i dag med den ungarsk-amerikanske romturisten Charles Simoyi om bord.

Milliardæren Charles Simonyi klar for rommet igjen.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Milliardæren Charles Simonyi før han gjekk ombord i Sojuz. Klikk på biletet og sjå video.

Dette er den 60 år gamle milliardæren sin andre tur til den internasjonale romstasjonen ISS.

Dermed blir han den første romturisten som har delteke på to romferder.

Lisa Persdotter og Charles Simonyio

Med ein glasvegg mellom seg tek Charles Simonyi og kona Lisa Persdotter farvel.

Foto: Shamil Zhumatov / REUTERS

60 mill. dollar

Han har betalt 60 millionar dollar, rundt 420 millionar kroner, for å få delta på romferda saman med den amerikanske NASA-astronauten Michael Barratt og den russiske kosmonauten Gennadij Padalka.

Dei to sistenemnde skal innn som nytt mannskap på ISS.

Charles Simonyi har tent mesteparten av pengane sine på å utvikle programvare hos datagiganten Microsoft i USA.

Rakettoppskytinga skjedde frå Baikonur Cosmodrome langt inne på dei kasakhstanske steppene.

Med seg til Kasakhstan har romturisten den 28 år gamle svenske kona si, Lisa Persdotter, og ei gruppe vener. Dei helste dei tre romfararane med jubel og lukke til-rop då deireiste ut til oppskytingsstaden i dag tidleg.

Siste romferda

Den eksentriske romturisten svarte med slengkyss då han kom ut av hotellet kledd i fotsid pelsfrakk mot den strenge kulden. Han har sagt at dette blir den siste romferda hans, fordi han i framtida vil bruke tida saman med den unge svenske kona si.

Sojuz 18S skal etter planen vere framme på ISS i løpet av laurdag. Simonyi kjem tilbake til jorda 7. april saman med den amerikanske astronauten Michael Fincke og den russiske flyingeniøren Jurij Lonsjakov, som er ferdige med sin periode om bord i den internasjonale romstasjonen.

Dei tre romfararane før avgang. Geennadij Padalka (øvst), Charles Simonyi og Michael Barratt.

Dei tre romfararane før avgang. Geennadij Padalka (øvst), Charles Simonyi (i midten) og Michael Barratt.

Foto: MIKHAIL METZEL / AP