Hopp til innhold

Milliardær vil kjøpa greske øyar til flyktninghjelp

Den egyptiske milliardæren Naguib Sawiris er i forhandlingar om å kjøpa to greske øyar der fleire hundre tusen flyktningar skal få opphald og jobb.

Flyktningar i Hellas og milliardær Naguib Sawiris (montasje)

Egyptaren Naguib Sawiri er administrerande direktør i teleselskapet Orascom og god for mange milliardar. No vil han bruka i rundt ein milliard på å kjøpa greske øyar der flyktningar skal få lov til å bu.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / AMR ABDALLAH DALSH / Afp / Reuters

Telekommilliardæren opplyste nyleg at han er på jakt etter ei øy der flyktningar frå Syria og andre konfliktland kan få leva, jobba og byggja opp «det nye landet sitt»

I ei ny pressemelding frå selskapet til Sawiris, blir det opplyst at han har «identifisert to privateigde greske øyar som kan passa inn i prosjektet».

«Me har korrespondert med eigarane og gitt uttrykk for at me er interesserte i å forhandla med dei», står det i meldinga.

Laster Twitter-innhold

Prosjektet får namn etter drukna gut

Syriske Aylan (3) bæres bort etter å ha blitt skylt i land på Bodrum

Den syriske guten Aylan flykta frå krigen i heimbyen sin Kobani i Syria, men drukna då båten som skulle ta han til Europa kantra. Dette bilete har inspirert mange til å engasjera seg i flyktningkrisa, inkludert den egyptiske milliardæren Naguib Sawiris.

Foto: Ap

Egyptaren har namngjeve prosjektet #aylanISLAND, etter den vesle syriske guten Aylan (3) som drukna på flukt over Middelhavet og vart skylt i land på ei strand i den tyrkiske feriebyen Bodrum. Bileta av den livlause barnekroppen med joggesko, olabukse og raud t-skjorte på, har vekt sterke reaksjonar verda over.

Aylan er ein av i alt 2300 menneske som sidan januar i år har døydd i forsøket på å koma seg over havet til Europa. Mange av dei er syrarar som flyktar frå heimlandet sitt etter fire og eit halvt år med borgarkrig.

– Dei som kjem til øyane vil bli tekne imot som menneske. No blir dei behandla som kyr, seier den egyptiske forretningsmilliardæren til nyheitsbyrået AFP.

800 millionar i startkapital

Christian Tybring-Gjedde

Frp-politikar Christian Tybring-Gjedde har tidlegare føreslått at FN kjøper greske øyar og opprettar flyktningmottak der. Han ønskjer den egyptiske milliardæren sitt initiativ velkomen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Den norske stortingspolitikaren Christian Tybring-Gjedde (Frp) har tidlegare føreslått å kjøpa ei gresk øy og oppretta asylmottak der, drifta og finansiert av FN.

– Det er flott at ein milliardær no tek initiativet, men flyktningkrisa er eit globalt ansvar og FN må stå bak og drifta eit slikt prosjekt. Då vil me få kontinuitet og tyngde bak det i form av eit internasjonalt spleiselag, seier Tybring-Gjedde til NRK etter å ha lese dagens sak.

Ifølgje Sawiris vil prosjektet trenga 100 millionar dollar, eller nesten 820 millionar norske kroner i startkapital, hovudsakleg til oppbygging av infrastruktur som hus, skular, universitet og sjukehus.

Tybring-Gjedde erkjenner at det vil bli dyrt.

– Men måten me i dag handterer flyktningane på er også ekstremt kostbar og ikkje berekraftig på sikt. Me må ha ei anna løysing og då er folketomme greske øyar ein god ressurs. EU har jo oppfordra Hellas til å selja øyar for å betala ned på den enorme statsgjelda si, seier Frp-politikaren som på Facebook har presentert sin versjon av øy-forslaget.

– FN har meldt interesse

Etter at Sawiris lanserte ideen, har interessa vore enorm og mange har allereie meldt seg som frivillige. FN sitt høgkommissariat for flyktningar (UNHCR) skal også ha kontakta han med eit ønske om å samarbeida.

Sawiris ventar no på at greske styresmakter skal gje si velsigning til prosjektet.

Den egyptiske milliardæren er administrerande direktør i Orascom, som tilbyr mobiltelefoni i ei rekkje land i Midtausten og Afrika og i Sør-Korea. Selskapet driv også med undersjøiske kommunikasjonsnettverk. Sawiris er i tillegg eigaren av ein egyptisk fjernsynskanal.

SISTE NYTT

Siste nytt