Hopp til innhold

Miljøstiftinga Bellona er erklært som uønskt i Russland

Dette kan i praksis gjere det svært vanskeleg for Bellona å arbeide vidare i Russland. Ekspert meiner det er overraskande at erklæringa frå Russland kjem først no.

Bellona-leder Frederic Hauge

ERKLÆRT UØNSKT: Bellona-stiftar Frederic Hauge meiner dette er ei heilt uakseptabel opptrapping frå russiske styresmakter.

Foto: Ole Dalen

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det er russisk medium og organisasjonen sjølv som melder om kunngjeringa.

– Helt uakseptabelt, seier talsperson i Bellona, Frederic Hauge.

–Dette betyr at det blir ulovleg for russiske statsborgarar å jobbe med oss.

Bellona hadde kontor i Murmansk og St. Petersburg fram til 2022.

– Vi finn den aktiviteten vi i 30 år har gjort i Russland som legitim. No har vi flytta aktiviteten vår til Vilnius, men dette er ei alvorleg sak fordi det no blir ulovleg for russiske statsborgarar å jobbe med oss, fortel Hauge til NRK.

– Vi har diverre hatt ei lang historie sidan 1995 då tryggingspolitiet første gong utførte ein større rassia mot kontoret vårt, og med svært alvorlege spionskuldingar mot Nikitin.

– Den kampen vann vi, men sidan har vi vore erklærte som utanlandske agentar. Det har vore komplisert å jobbe, men dette er ei opptrapping frå russiske styresmakter som er heilt uakseptable, legg han til.

Kunngjeringa frå Russland skjer i kjølvatnet av at 15 personar ved Russlands ambassade i Oslo blei erklærte som uønskte i Noreg førre veke.

Les også Ansatte ved Russlands ambassade sendes ut fra Norge: – En trussel mot Norge

Pressekonferanse med utenriksminister Anniken Huitfeldt

Meiner organisasjonen undergrev landet

Den russiske statsadvokaten grunngir avgjersla med at organisasjonen har som hensikt å undergrave landet.

– Organisasjonens verksemder har som hensikt å undergrave den russiske økonomien, diskreditere den politikken som blir ført av styresmaktene både innanriks og utanriks og å destabilisere den samfunnsmessige og politiske situasjonen i landet, fortel han til russiske medium.

I grunngivinga hevdar statsadvokaten også at Bellona i samband med «den spesielle militæroperasjonen» i Ukraina «deltar aktivt i den antirussiske kampanjen og med diskreditering av Russlands væpna styrkar».

Utanriksministeren: – Systematisk undertrykking av det sivile samfunn

Utanriksminister Anniken Huitfeldt fortel til NRK at dei beklagar sterkt at russiske myndigheiter har definert Bellona som ein uønskt organisasjon.

– Russiske myndigheiter har definert Bellona som ein uønskt organisasjon. Bellona har i fleire tiår spelt ei viktig rolle som sivilsamfunnsaktør i Russland.

Utenriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Noreg ser med djup bekymring på russiske myndigheiter si systematiske undertrykking av det sivile samfunn gjennom lovar om utanlandske agentar og uønskte organisasjonar. Situasjonen for menneskerettane i Russland er no svært urovekkande.

Angstbit isolasjon og politisk paranoia

– Eg vil seie det overraskande med det er at det skjer først no, det er meir overraskande at det ikkje har skjedd tidlegare. Bellonas lokalkontor i Petersburg og Murmansk blei jo for fleire år sidan erklært som utanlandske agentar, fortel forskar Jørn Einar Holm-Hansen ved Oslo Met.

Jørn Holm-Hansen er seniorforsker ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR på Oslo Met og har jobbet en del med Polen som tema.

– Det er nok paranoia ute og går i tryggingskrinsen i Russland, fortel forskar Jørn Einar Holm-Hansen.

Foto: Privat /

– Kvifor har det ikkje skjedd tidlegare?

– Det kan komme av at Bellona har vore resultatorientert, dei har ikkje vore opptatt av å stå fram som forfølgde og lage baluba. Det gir truverd, fortel Holm-Hansen.

– Bellona blir oppfatta som ein nøktern organisasjon. Dei har vore pragmatiske, derfor har dei ikkje blitt erklærte uønskte før no. Men no har russiske myndigheiter gått av skaftet, dei er redde for alt mogleg som kjem frå land som ønskjer å sanksjonere dei, held han fram.

Holm-Hansen trur Russland ønskjer å sende ut signal om at dei ikkje vil ha noko innblanding og dei ikkje stoler på nokon:

– Det har i årevis vore ein dragkamp mellom tryggingsapparatet og dei som jobbar med konkret politikkutforming. Sistnemnde vil ha eit samarbeid, dei ser det er nyttig. Dei andre vil ikkje ha nokon form for det dei tenkjer er innblanding, og forsøk på innblanding, fortel Holm-Hansen.

Kva vil du kalle denne utviklinga?

– Eg vil kalle det litt angstbit isolasjon og politisk paranoia, som har prega Russland i aukande grad dei siste årene, avsluttar han.

Trakk seg ut av Russland

I november i fjor trakk Bellona seg ut av Russland. Den gongen fortalde Hauge at krigen i Ukraina gjorde det umogleg for dei å halde fram i landet.

Les også Bellona trekker seg ut av Russland: Bekymret for økt atomrisiko

Russland. Kolahalvøya, Andrejeva 20031015 Europas farligste søppelplass. Atomavfall lager.

Den gongen var dei uroa for atomrisikoen.

– Det inneber ein altfor stor risiko for dei som er involverte, sa Hauge den gongen.

Eitt av prosjekta Bellona var ein del av den gongen var fjerning av atomavfall frå den gamle marinebasen i Andrejevabukta på Kolahalvøya i Russland – berre 50 kilometer frå norskegrensa.

SISTE NYTT

Siste nytt