Hopp til innhold

Miljøsamarbeid med Russland trass isfront

Moskva (NRK): For første gang på snart to år vitja i dag ein norsk statssekretær Moskva, blant anna for å underlegne avtalar for å redde isbjørnstammen i Arktis.

CLIMATE-BEARS/

MERKAR KLIMAENDRINGANE: Isbjørnen i området mellom Svalbard og Franz Josef-land skal vere den som er mest truga av klimaendringane.

Foto: FRANCOIS LENOIR / REUTERS

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er i Noregs interesser og ikkje minst er det av interesse for det sårbare miljøet i nordområda, sa statssekretær frå Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde, då han vitja sitt russiske søsterdepartement i dag.

Norge og Russland held på samarbeidet om miljø, trass i at dei politiske kontaktane for augeblikket er på eit minimum på grunn av krisa i Ukraina.

Ikkje ei endring i forholdet til Russland

Lunde stadfesta at det hadde vore ein diskusjon i forkant av turen til Moskva, som kjem i høve det 18. møtet i den norsk-russiske miljøvernkommisjonen, eit samarbeid som har eksistert sidan 1992.

Lars Andreas Lunde

PÅ MOSKVABESØK: -Barentshavet er vårt felles hav, der Noreg og Russland har et spesielt ansvar for ein ansvarleg og berekraftig ressursutnytting. Havmiljøsamarbeidet er derfor høgt prioritert, seier Lunde.

Foto: Yuriy Linkevich / NRK

– Ja, det er alltid ein diskusjon om kva måte vi skal halde fram med den politiske dialogen med Russland, men vi har kome fram til at det er viktig, ikkje minst av omsyn til miljøet, å halde fram å ha politisk dialog med Russland knytt til å vareta eit felles miljø i nordområda.

– Er Noreg no i ferd med å gjenopprette dei politiske forbindelsane med Russland?

– Nei, dette er ein avgrensa dialog knytt til akkurat miljøsamarbeidet, som vi meiner er viktig for Noreg. Det har ingenting med dei andre utanrikspolitiske forholda å gjere.

Samarbeider om forvaltning av Barentsområdet

På dagsorden på møtet som har gått over to dagar i Moskva stod heilskapleg forvalting av Barentshavet, samarbeid om isbjørn og forureining frå nikkelverket ved grensa.

I tillegg til at Noreg skal bidra med sine erfaringar når det gjeld forvaltningsplan for sin del av Barentshavet, skal dei få på plass ei samordna miljøovervaking over området.

Signering av norsk-russisk miljøavtale

SIGNERING: På møtet vedtok landa eit arbeidsprogram for 2016–2018 med planar om å halde fram med prosjektsamarbeid innan havmiljø, biodiversitet, kulturminnevern, grensenært samarbeid, reduksjon av forureining og radioaktivitet.

Foto: Yuriy Linkevich / NRK

Isbjørnen i området er den stammen som er mest truga av klimaendringar, gjennom tapet av havis. Noreg og Russland har allereie inngått ein avtale for å ta vare på bestanden, og skal ha eit nytt møte om dette i 2016.

På møtet diskuterte ein også ein rapport om luftkvaliteten i grenseområda i nord. Store svovel- og støvutslepp frå nikkelverka i Petsjenga-området har over lang tid medført skader på naturen. Begge sider bryt grenseverdiane for svoveldioksid i lufta, men situasjonen er verst på den russiske sida der lufta til tider inneheld 10 gonger meir enn tillate.

SISTE NYTT

Siste nytt