NRK Meny
Normal

Miljøorganisasjonane slaktar klimasemje

Miljøorganisasjonane ser dystert på det nyleg vedtekne grunnlaget for ein global klimaavtale. – Dette styrer oss mot global oppvarming, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Frederic Hauge

Frederic Hauge i Bellona meiner grunnlaget som no er lagt for ein global klimaavtale fører oss mot kanten av klimastupet.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Søndag morgon norsk tid bli 195 land samde om fundamentet for ein global klimaavtale. Det skjedde etter over eit døgn med forhandlingar på overtid på klimatoppmøtet i den peruanske hovudstaden Lima.

Bellona-leiar Frederic Hauge er ikkje imponert. Det grunnlaget som no er lagt ein global klimaavtale fører oss i feil retning, meiner han.

– Toppmøtet i Lima burde blitt ei vitamininnsprøyting i den globale klimakampen, men styrer oss i staden mot fire graders global oppvarming, seier Hauge.

– Utvatna avtale

Arnstein Vestre

Utvatna og utilstrekkeleg er Arnstein Vestre i Natur og Ungdom sin dom over det nye grunnlaget for ein global klimaavtale.

Foto: Natur og Ungdom

Klimasemja i Lima fell heller ikkje i god jord hjå andre miljøorganisasjonar.

Natur og Ungdom kallar klimasemja i Lima «ein svært utvatna avtale» som ikkje går langt nok i å sikra tilstrekkelege utsleppskutt.

Organisasjonen er spesielt kritisk til at avtalen legg opp til frivillige utsleppskutt og manglande klimafinansiering, og meiner at den sviktar dei som blir råka av klimaendringane.

– Dette grunnlaget som no er lagt i Lima, er ikkje godt nok for å hindra øydeleggande klimaendringar. Med dette utfallet får me ikkje ein avtale i Paris som er tilstrekkeleg. Forhandlingane i Lima har ikkje gjort nok for å hindra katastrofale klimaendringar, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

– Dei rike landa må gå fremst

Større begeistring var det å spora blant delegatane på klimakonferansen, som svara med glade tilrop og applaus då dokumentet omsider blei vedteke.

Dei to veker lange klimaforhandlingane i Lima har nemleg avdekt at rike land og utviklingsland står langt frå kvarandre i synet på kven som må bæra det tyngste lasset i kampen mot ein global klimakatastrofe.

Miljøforkjemparar meiner at denne konflikten kan skapa problem når landa på ny set seg rundt forhandlingsbordet i Paris neste år. Hauge i Bellona er klar på at dei rika landa må gå i tet.

– Avtalen i Lima stiller krav til dei rike landa om å ta tydelege grep nasjonalt. Dette set større press på dei klimaplanane den norske regjeringa kjem med i første kvartal 2015, meiner Bellona-leiaren.

Trass i kritikken, understrekar Bellona-leiar Hauge at det er positivt at landa til slutt blei samde om å gå «nokre museskritt» vidare på klimakonferansen i Peru og dermed unngjekk ein komplett farse.

Kritisk til ambisjonsnivået

Enighet om forhandlingsgrunnlag på klimakonferanse i Peru

Å samla seg rundt ei felles plattform for ein global klimaavtale var ei vanskeleg oppgåve for dei 195 landa som deltek på FN sin klimakonferanse i Lima, Peru. Søndag morgon norsk tid kunne toppmøte-presidenten Manuel Pulgar endeleg slå fast at dei var i mål.

Foto: CRIS BOURONCLE / Afp

John Nordbo, klima- og miljøsjef i Verdas naturfond WWF, kallar avtalen for «ein kopp med tynn te».

– COP 20 leverte berre det absolutt naudsynte, ei skisse til ein global klimaavtale, som det skal forhandlast vidare om fram mot COP 21 om eitt år i Paris. Mykje meir blei det diverre ikkje, seier Nordbo til nyheitsbyrået Ritzau.

Laster Twitter-innhold

Han meiner at forhandlingane i Peru berre bidrog litt til for å betra håpet om ein ambisiøs klimaavtale neste år.

– COP 20 presiserte ikkje at landa bør ta med sine planar om bidrag til finansiering av den globale klimainnsatsen i oversikta som landa no skal koma med, seier Nordbo i WWF.

Også bistandsorganisasjonen CARE meiner klimaforhandlingane manglar ambisjonar.

– Verdas leiarar må dobla innsatsen med det same, fastheld generalsekretæren Robert Glasser og viser til korleis klimaendringane fører til vassmangel og dårlege avlingar for dei aller fattigaste på kloden.

Sjølve klimaavtalen skal opp til forhandling og godkjenning i Paris om eitt år.

Målet med avtalen er å hindra at den globale oppvarminga ikkje blir på meir enn 2 grader samanlikna med førindustrielt nivå. Den skal først gjelda frå 2020.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt