Augevitne fortel at eit israelsk fly avfyrte ein rakett mot bilen til Mahmud el-Arqan (29), ein av leiarane i den militante organisasjonen Folkelege motstandskomitear, ein koalisjon av fleire militante grupper.
Det var ikkje mykje att av bilen som vart treft av ein rakett i Rafah. (Foto: AFP/Scanpix)
To som var med i bilen og sju som oppheldt seg i nærleiken vart skadde i eksplosjonen, blir det opplyst.
Angrepet skjedde i det bilen runda eit gatehjørne inne i Rafah, fortel vitna.
Israel har gjort det klart at dei ville ta opp igjen praksisen med målretta drap på militante palestinarar som skyt rakettar mot Israel frå Gazastripa. Sist helg vart skote 10 rakettar mot israelsk territorium, utan at nokon vart skadd.
Ein talsmann for den israelske hæren seier at eit fly gjekk til angrep på bilen til ein leiande militant palestinar, som har vore deltaktig i fleire angrep på israelske soldatar.
Etter ein sjølvmordsaksjon i den israelske byen Netanya måndag, der fem israelarar vart drepne, gjorde den israelske regjeringa også det klart at dei ville slå til hardt mot Islamsk heilag krig Jihad, som tok på seg skulda for angrepet.