Hopp til innhold

Mike Pence med «ærleg og avslørande bok» om tida i Det kvite hus

Sjølvbiografien til Mike Pence skal etter planen kome i 2023, og skal blant anna handle om tida som visepresident. Forlaget lovar ei ærleg og avslørande bok.

Mike Pence

Tidlegare visepresident i USA, Mike Pence, kjem etter planen med sjølvbiografi i 2023.

Foto: Chris Jackson / AP

Forlaget Simon & Schuster skal ifølge CNN ha betalt mellom 3 og 4 millionar dollar for to bøker av Pence. Den første boka, som er ein foreløpig namnlaus sjølvbiografi, skal etter planen kome i 2023, skriv The Guardian.

– Eg er takksam for at eg får sjansen til å fortelje historia om mitt liv i det amerikanske folkets teneste. Frå mitt virke i Kongressen, til å vere guvernør i Indiana og visepresident i USA, sa Pence i ei fråsegn då avtalen blei annonsert.

Han blir ein av dei første i den indre krinsen til Donald Trump som har signert ein slik bokavtale etter at dei gjekk av i januar.

Trassa Trump

Fleire av dei som jobba tett på Trump skal vere i gang med å skrive bøker, men dei har vanskar med å finne forlag som vil publisere manusa, skriv CNN.

Pence blei sett på ein lojal støttespelar for president Trump. Men forholdet verka å vere kjøligare då presidentperioden gjekk mot slutten.

Trump meinte det var han som hadde vunne presidentvalet, og at Demokratane og Joe Biden prøvde å stele valet.

Det blei gjort fleire forsøk på å få stoppa og gjort om valet i fleire delstatar. Men alle forsøk blei avviste.

Mike Pence blei evakuert då Trump-tilhengarar storma kongressen for å stoppe godkjenninga av Joe Biden som president 6. januar.

Då Kongressen skulle formelt godkjenne Joe Bidens som USAs neste president 6. januar, nekta Pence å innfri kravet frå Trump om å gripe inn og stoppe godkjenninga.

Det førte til at Trump-tilhengarar storma Kongressen med rop om at Pence burde hengast. Godkjenninga måtte stoppast i nokre timar for å få rydda bygget for demonstrantar før avstemminga kunne ta til igjen.

Ærleg biografi

Forlaget seier at Pence i boka vil ta opp fleire viktige augneblink frå tida i Trump-administrasjonen. Frå han blei plukka ut som visepresidentkandidat i 2016, til dagen då han deltok på innsettinga av Joe Biden som USAs neste president, skriv Los Angeles Times.

Forleggar Dana Canedy i Simon & Schuster seier trur det vil vere stor interesse for boka.

– Visepresident Pences liv og virke er ei historie om ekstraordinær innsats i ei tid med stor offentleg interesse for styresmaktene og politikk. Sjølvbiografien hans kjem til å bli den viktigaste boka om eit av dei mest viktige presidentskapa i amerikansk historie.

Joe Biden tatt i ed

Pence var til stades då Joe Biden blei teken i eid som USAs neste president i januar.

Foto: Kevin Dietsch / AP

Simon & Schuster har tidlegare publisert bøker av blant andre Donald, Ivana og Mary L. Trump, George H.W. Bush, Hillary Clinton og Al Gore.

Mange reknar Pence som ein mogleg republikansk presidentkandidat i 2024. Tidlegare denne veka lanserte han ein konservativ interesseorganisasjon, som blir støtta av Trump, skriv Washington Examiner.

SISTE NYTT

Siste nytt